Hopp til hovedinnhold

Disputas om korleis innvandrarforeldre oppfattar barnevernet

Innvandrarforeldre som har vore på flukt er ekstra sårbare når dei er i kontakt med barnevernet, viser forskinga til Memory Jayne Tembo.

Publisert: Endret:

Memory Jayne Tembo disputerte 7. mai 2020.

Memory Jayne Tembo har forska på korleis immigrantforeldre opplever den norske velferdsstaten og barnevernet.

Internasjonal kritikk av barnevernet

Barnevernet er eit mykje diskutert tema blant innvandrarfamiliar i Noreg. Det norske barnevernet har også fått kritikk for korleis dei har gripe inn immigrantfamiliar. Ord som lovleg kidnapping, tjuveri og kulturell kjensleløyse er blitt brukte for å skildre barnevernet i enkelte internasjonale medium.

Forskinga til Tembo freistar å forstå forholdet til innvandrarforeldra til barnevernet. Både frå familiar som har erfaring frå kontakt med barnevernet og korleis barnevernet blir oppfatta av familiar som ikkje har hatt med barnevernet å gjere.

For foreldre som har gjennomlevt flukt, kan dette forsterke sårbarheit blant innvandrarar når dei er i kontakt med barnevernet, viser hennar forsking.

Kontakt med barnevern stressar

Studia til Tembo viser at foreldra opplever kontakten med barnevernet som svært stressande. Det gjeld både i forholdet til saksbehandlarar, saksgangen og korleis foreldra oppfattar hjelp frå barnevernet.

For foreldre som har tidlegare erfaringar frå flukt, kan dette forsterke kjensla av sårbarheit blant innvandrarar når dei er i kontakt med barnevernet. Foreldre opplever at dei kjenslemessige uttrykka deira verkar inn på framdrifta av sakene deira, og somme opplever også at motstand og sinne blir møtte med formar for straff.

Opplever foreldrerolla i Noreg som krevjande

Funn frå hennar forsking viser også at innvandrarforeldre opplever foreldrerolla som kompleks og meir krevjande i Noreg enn i heimlandet deira. Tre hovudtema som blei trekt fram var auka merksemd frå offentlege styresmakter i familiesaker, auka vektlegging på materielle verdiar som mål på om barna blei godt vareteke, og utfordringar knytte til å oppsede barn i tråd med tradisjonelle verdiar og identitet til heimlandet.

Om kandidaten

Memory Jayne Tembo disputerte for ph.d.-graden ved Det samfunnsvitskaplege fakultet 7. mai 2020. Ho forsvarde avhandlinga Parenting and child welfare services. The case of immigrant parents’ perceptions and experiences of the welfare system.

Tembo er førsteamanuensis i globale studiar ved VID vitskaplege høgskule. Ho har ein bachelor i samfunnsvitskap frå University of Malawi (2010) og ei master i sosialt arbeid frå Nord universitet i Bodø (2013).