Disputas om samarbeid i forsking og innovasjon

Korleis samarbeider bedrifter og organisasjonar innan forsking og innovasjonsnettverk? Det har Nina Hjertvikrem forska på.

Published Sist oppdatert

Nina Hjertvikrem
Nina Hjertvikrem disputerte 3. april 2020.

Hjertvikrem har blant anna studert norsk deltaking i EU-program. Ho finn at i ein oljeavhengig region som Rogaland så er private selskap meir aktive deltakarar i programma enn i andre regionar, kor det i hovudsak er universitet og forskingsinstitutt som deltek.

Ho har også sett på samarbeid i subsea-næringa. Då fann ho at bedrifter samarbeidde i stor grad, i tillegg så samarbeidde dei med dei same bedriftene som dei også rekrutterte frå og som dei observerte.

Organisasjonar som er nær kvarandre i ulike dimensjonar er viktig for samarbeid, og at eksempelvis det å vere i same industri blir meir viktig over tid. Det same gjeld geografi, mens sosial nærleik ikkje er like viktig over tid, viser forskinga hennar. Dette er viktig for å forstå meir av kven som samarbeider og korleis samarbeidskonstellasjonar utviklar seg over tid.

Hjertvikrem forsvarde avhandlinga si Collaboration in research and innovation networks i disputas 3. april 2020.

Nina Hjertvikrem har bachelor i sjukepleie frå Høgskolen i Bergen, bachelor i økonomi og administrasjon frå NHH, samt master i økonomi og administrasjon frå UIS. Ho jobbar i NORCE Samfunn. Ho har vore tilknytt Handelshøgskolen ved UIS under doktorgradsarbeidet sitt.