Flinke elevar blir favoriserte av gymlæraren

Lærarane har ofte bakgrunn frå idrett, der det er greitt å gje dei beste utøvarane mest merksemd, ifølgje forskar.

Published Sist oppdatert

Portrett av Aron Gauti Laxda
Aron Gauti Laxdal

Dei flinke elevane får mest støtte av kroppsøvingslæraren, viser ny forsking. 

Årsaka ser ut til å vere måten kroppsøvingsfaget er bygd opp og organisert på - og det handlar om lærarane sin bakgrunn. 

I kroppsøving dominerer den såkalla multiaktivitetsmodellen. Den går ut på at elevane skal innom fleire forskjellige idrettar og aktivitetar i løpet av skuleåret. 

Det blir brukt relativt lita tid på kvar idrett. Hovudfokuset er å gjennomføre idretten eller aktiviteten, ikkje å lære han. 

– Det er ein stor fordel for dei som kan idretten eller aktiviteten frå før, men ei ulempe for dei som ikkje kan han, påpeikar stipendiat Aron Gauti Laxdal ved Universitetet i Stavanger (UiS). 

Følgjer elitetenkinga i idretten 

– Multiaktivitetsmodellen favoriserer dei med tidlegare kunnskap i aktivitetane. Lærarane, som ofte sjølv har bakgrunn frå idrett, har dessutan ein tendens til å følgje idretten sin måte å tenkje på, framfor det meir pedagogiske tankesettet skulen har, fastslår Laxdal. Han jobbar også som universitetslektor ved Universitetet i Agder (UiA). 

Laxdal viser til at det i idretten er heilt legitimt å gje dei beste ekstra merksemd. Det er som regel dei beste som viser mest interesse, og det er dei klubbane har lyst å få oppover i systemet. 

I breiddeidretten er det underforstått at fråfall er uunngåeleg. «Flest mogleg, lengst mogleg» er mantraet til norsk idrett, fordi ein veit at ikkje alle barn som driv med breiddeidrett, vil halde fram ut i vaksen alder. Dei fleste kjem til å slutte i løpet av ungdomsskulen eller vidaregåande. 

Det kan derfor verke mot føremålet å bruke for mykje tid og energi på dei svakaste utøvarane. 

Men på skulen skal alle henge med. Oppmøte er obligatorisk, i alle fall i barne- og ungdomsskulen, og det er generelt akseptert at dei svakaste treng ekstra mykje hjelp og støtte. 

Kroppsøving fell i popularitet 

Laxdal undersøkte korleis elevar i vidaregåande skule opplever støtte frå læraren i kroppsøving. 

Lærarane sine haldningar aukar sannsynlegvis forskjellen det er frå før mellom dei flinke og dei mindre flinke i faget, trur Laxdal. 

Han meiner det kan vere årsaka til at elevane si begeistring for kroppsøving fell med stigande alder. 

Reint aktivitetsfag 

I skulen skal elevane regulere eiga læring. Det vil seie at dei skal førebu seg til timane og reflektere over det dei har lært. 

Men i kroppsøvingstimane gjer dei ikkje det, korkje førebur seg eller reflekterer i etterkant. 

Laxdal viser til at slik kroppsøvingsfaget er bygd opp, blir berre litt av tida brukt på læring av nye ferdigheiter. Mesteparten av tida går til å gjennomføre aktivitetar. 

– Dermed treng elevane berre møte opp og prestere. Ferdig med det. Ikkje utan grunn har kroppsøving rykte som eit aktivitetsfag der læring ofte blir nedprioritert og rekreasjon ofte er hovudintensjonen, seier forskaren. 

Lærarane gjer mykje riktig 

Laxdal og forskarkollegaer frå UiA og UiS har utvikla eit nytt instrument for å måle kor mykje lærarane stør opp om læring i kroppsøvingsfaget. 

Instrumentet måler blant anna evna lærarane har til å få elevane til å setje seg mål, om dei viser korleis elevane kan jobbe for målet og hjelper dei å finne nye målsetnader. 

Kort sagt svarte elevane på tre spørsmål, «Kvar skal eg?» «Korleis kjem eg meg dit?» og «Kva er neste destinasjon?». 

– Elevane gjev relativ høg skår til lærarane i kroppsøving, men det såg ut til å spele lita praktisk rolle, seier Laxdal. 

Elevane rapporterer også sjølv om liten grad av sjølvregulering. 

Sannsynlegvis fordi faget ikkje er rekna som eit læringsfag, men heller som eit aktivitetsfag, meiner Laxdal. For nokre elevar er kroppsøving meir som eit strukturert friminutt, eit avbrekk frå dei meir akademiske faga. 

Men det ligg mykje læring skjult i leiken. Den må tydeleggjerast for å snu denne trenden. 

Kva kjønn læraren har, speler inga rolle 

I alt 1133 elevar i vidaregåande skule i Noreg og Island deltok i undersøkinga gjennom å svare på eit spørjeskjema. 

Laxdal undersøkte også om elevane sine opplevingar hang saman med om læraren var mann eller kvinne, men fann ut at kjønn hadde lite å seie. 

– Kva innverknad kva kjønn læraren har, for opplevinga elevane har av kroppsøvingsfaget ser ut til å vere overdrive, seier Laxdal. 

– Treng ei anna type undervisning 

Laxdal meiner lærarutdanningane må leggje meir vekt på haldningar. 

– Ikkje minst må dagens kroppsøvingslærarar slutte å favorisere idrettsflinke elevar og byrje å ta omsyn til utfordringane til dei mindre flinke elevane i faget, seier han. 

Referanse: 

Aron Gauti Laxdal: The learning environment in upper secondary school physical education: the student perspective. Doktoravhandling ved Universitetet i Stavanger, 2020. Samandrag. 

Tekst: Elin Nyberg