Kjenner du ein UiS-student eller ein UiS-tilsett som er utprega samfunnsengasjert og særs god til å formidle?

No kan du nominere kandidatar til Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement.

Publisert Sist oppdatert
I fjor gjekk prisen til <em>UiS-forskar Ingvil Hellstrand (t.v.)</em>, her saman med prisutdelar Cecilie Claviez frå Universitetsfondet. <em><em>(Foto: Line Hausken)</em></em>

At tilsette og studentar blir oppmuntra til, og belønna for, formidlingsaktivitetar og samfunnsengasjement er heilt i tråd med samfunnsoppdraget vårt og ambisjonen om å vere eit ope universitet.

rektor Klaus Mohn

Prisen frå Universitetsfondet skal anerkjenne framifrå forskingsformidling/-kommunikasjon, kunstnarisk formidling og samfunnsengasjement. Med forskingsformidling/-kommunikasjon og kunstnarisk formidling meiner vi alle former for formidling frå kandidaten sitt eige fagfelt til allmenta og/eller til eksterne brukargrupper. Samfunnsengasjement inkluderer òg deltaking i samfunnsdebatten, samarbeid med samfunns- og næringsliv og deltaking i styre og offentlege råd eller utval.

Prisen er ein ærespris til tilsette og studentar ved UiS som dei siste åra, og særleg i det kalenderåret prisen gjeld for, har utmerkt seg innanfor desse områda. Både einskildpersonar og grupper kan få prisen.

Studentar, tilsette og organisatoriske einingar ved UiS kan nominere kandidatar til prisen. Frist for nominering av kandidatar til prisen er 15. august.

Forslag skal vere grunngitt og dokumentert i form av:

  • Kandidaten si formidlingsverksemd
  • Kandidaten sitt samfunnsengasjement
  • Kandidaten sin profil i offentlegheita og hos brukargrupper

Send inn din nominasjon

Prisen består av eit stipend frå Universitetsfondet på 50 000 kroner og eit diplom.

Rektor ved UiS leiar juryen, som i tillegg består av prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS, ein representant frå Universitetsfondet, ein representant frå media, ein representant frå dei vitskapleg tilsette og leiar av Studentorganisasjonen.

Sekretariat for prisen er Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Har du spørsmål, ta kontakt med Camilla Larsen.

Prisutdelinga finn stad under Forskingsdagane.

Statuttar – nynorsk

Les statuttane for Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement i nynorsk språkdrakt

§1. Formål 

Prisen for formidling og samfunnsengasjement er oppretta av Universitetsfondet for Rogaland AS (Universitetsfondet). Den har til formål å fremje framifrå formidling og samfunnsengasjement ved Universitetet i Stavanger (UiS).  

§2. Om prisen 

Prisen skal stimulere til forskingsformidling/-kommunikasjon, kunstnarisk formidling og samfunnsengasjement. Med forskingsformidling/-kommunikasjon og kunstnarisk formidling er meint alle former for formidling frå kandidaten sitt eige fagfelt til allmenta og/eller eksterne brukargrupper. Inkludert i samfunnsengasjement er òg deltaking i samfunnsdebatten, samarbeid med samfunns- og næringslivet og deltaking i styrer og offentlege råd/utval.  

Prisen er ein ærespris for tilsette og studentar som dei siste åra, og særleg for det kalenderåret prisen gjeld, har utmerka seg innanfor desse områda. Prisen kan tildelast ein tilsett, student eller grupper av desse ved UiS. 

Prisen består av eit diplom og eit stipend frå Universitetsfondet. 

§3. Forslagsrett 

Studentar, tilsette og organisatoriske einingar ved UiS kan nominere kandidatar til prisen. Nominering av kandidatar til prisen skal skje innan 1. juni i det påfølgande kalenderåret som prisen gjeld for.  

Forslag skal vere grunngjevne og dokumentert i form av: 

  • Kandidatens formidlingsverksemd 
  • Kandidatens samfunnsengasjement 
  • Kandidatens profil i offentlegheita og hos brukargrupper 

§4. Behandling av forslag 

Kandidatar blir vurdert av ein jury som består av rektor (juryleiar), prorektor for innovasjon og forsking, ein representant frå Universitetsfondet, ein representant frå media, ein representant frå dei vitskapleg tilsette og leiar av Studentorganisasjonen StOr. Juryen peikar ut prisvinnaren.  

Sekretariat for prisen er Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.  

§5. Prisutdeling 

Prisen blir delt ut av ein representant frå Universitetsfondet under Forskingsdagane i september kvart år.  

§6. Fastsetting av statuttar 

Styret ved Universitetet i Stavanger fastset statuttar for prisen. Rektor har fullmakt til å foreta nødvendige justeringar i statuttane.  

Statutter – bokmål

Les bokmålversjonen av statuttene for Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement

§1. Formål 

Prisen for formidling og samfunnsengasjement er satt opp av Universitetsfondet for Rogaland AS (Universitetsfondet). Den har som formål å fremme fremragende formidling og samfunnsengasjement, ved Universitetet i Stavanger (UiS).  

§2. Prisens karakter  

Prisen skal stimulere til forskningsformidling/-kommunikasjon, kunstnerisk formidling og samfunnsengasjement. Med forskningsformidling/-kommunikasjon og kunstnerisk formidling menes alle former for formidling fra kandidatens eget fagfelt til allmennheten og/eller eksterne brukergrupper. Inkludert i samfunnsengasjement er også deltakelse i samfunnsdebatten, samarbeid med samfunns- og næringslivet og deltakelse i styrer og offentlige råd/utvalg.  

Prisen er en ærespris til ansatte og studenter som de siste årene, og i særlig for det kalenderåret prisen gjelder for, har utmerket seg innenfor disse områdene. Den kan tildeles en ansatt, student eller grupper av disse ved UiS. 

Prisen består av et diplom og et stipend fra Universitetsfondet. 

§3. Forslagsrett 

Studenter, ansatte og organisatoriske enheter ved UiS kan nominere kandidater til prisen. Nominering av kandidater til prisen skjer innen 1. juni i det påfølgende kalenderåret prisen gjelder for.  

Forslag skal være begrunnet og dokumentert i form av: 

  • Kandidatens formidlingsvirksomhet 
  • Kandidatens samfunnsengasjement 
  • Kandidatens profil i offentligheten og hos brukergrupper 

§4. Behandling av forslag 

Kandidater vurderes av en jury bestående av rektor (juryleder), prorektor for innovasjon og forskning, en representant fra Universitetsfondet, en representant fra media, en representant fra de vitenskapelig ansatte og leder av Studentorganisasjonen StOr. Juryen foretar den endelige utpeking av prisvinneren.  

Sekretariat for prisen er Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.  

§5. Prisutdeling 

Prisen deles ut av en representant fra Universitetsfondet under Forskningsdagene i september hvert år.  

§6. Fastsettelse av statutter 

Styret ved Universitetet i Stavanger fastsetter statutter for prisen. Rektor har fullmakt til å foreta nødvendige justeringer i statuttene.