
Forskningsdagene i Stavanger-regionen 2023
20. september til 1. oktober 2023
Gratis og for alle
Forskingsdagane 2023 føregår frå onsdag 20. september til søndag 1. oktober. I desse tolv dagane kjem forskarane ut av kontora og labbane for å vise, fortelje og samtale med deg om kva dei forskar på. Energi – i alle former – er tema for årets festival.
Dette kan du få med deg
Forskingstorget i Stavanger 2023
Lør. 23.09.2023
11:00-15:00
Game for Guac
Lør. 23.09.2023
12:00-15:00
Matløypa på Ullandhaug 2023
Søn. 24.09.2023
12:00-15:00
Monsterenergi? Mennesker og naturkrefter i steinalderen.
Tir. 26.09.2023
09:00-12:00
Teaterforestilling for barn: Vi har ikke alltid vært her
Tir. 26.09.2023
09:30-13:00
Ny energi for læring med VR
Tir. 26.09.2023
16:30-18:45
Mangfold gir energi
Ons. 27.09.2023
16:00-18:00
Forsker-standup på Kåkå – kveld 1
Ons. 27.09.2023
19:00-21:30
Levande historie
Tor. 28.09.2023
11:00-12:00
Det grøne oljeuniversitetet
Tor. 28.09.2023
12:15-13:00
Forsker-standup på Kåkå – kveld 2
Tor. 28.09.2023
19:00-21:30
Young Researcher's Night
Fre. 29.09.2023
18:45-22:00
Gratis museumslørdag 30. september
Lør. 30.09.2023
10:00-16:00
Energi er tema for Forskingsdagane 2023
Energi, i alle moglege former, er årets tema for Forskingsdagane 2023. Tradisjonelt tenkjer ein gjerne på energi i form av elektrisitet, olje og gass, og nye, grøne energiformer som sol-, hav- og vindkraft. Men energi er også noko vi har i kroppen. Kroppen får energi frå mat, og mange får dessutan energi ved å drive med kjekke og meiningsfulle ting. Energi kan også vere tema i kunst og litteratur.

Energi er tett kopla til FNs bereraftsmål og opphavet til mange sentrale spørsmål i samfunnet i dag, mellom anna knytta til produksjon, distribusjon og bruk av energi, energikrise og energikostnadar, samt trygg og rettferdig tilgang på energi.
– Forsking og innovasjon på energi er viktigare enn nokon gang, og Noreg har miljø i verdstoppen, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskningsrådet.
– Under Forskingsdagane 2023 skal vi vise fram norsk, banebrytande energiforsking og innovasjonar som skal vere med på å løyse dei største utfordringane verda står overfor.
Kva er Forskingsdagane?
Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg tolv dagar lang festival i regi av Forskingsrådet som Universitetet i Stavanger og ei rekke andre forskings- og kunnskapsinstitusjonar i heile landet tar del i. Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking.

Gjennom ei rekke forskjellige arrangement kan folk i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forskingsverda. Arrangementa går føre seg både på og utanfor forskarens vante arenaar for forskingsformidling.
Festivalen har blitt arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskningsfestivalar. Kvart år peikar Forskningsrådet ut eit overordna tema for festivalen som dei fleste arrangementa handlar om på ein eller annan måte.
Festivalen startar kvart år på onsdagen i veke 38 og varer til søndagen i veke 39.
Arbeidsgruppa for Forskningsdagene Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen samt eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.
Opplev forskarane våre! Frå tidlegare arrangement.
Fullstendig program
Arbeidsgruppa for Forskingsdagane Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), Norce, Norsk Oljemuseum, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, VID vitskaplege høgskole og Universitetet i Stavanger. UiS er koordinator Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS har koordinatoransvaret i regionen samt eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på knytta til Forskingsdagane i Stavanger-regionen: forskningsdagene@uis.no Følg oss på Facebook
Har du og ditt fagmiljø som forskarar i Stavanger-regionen ein god idé til eit arrangement under Forskingsdagane? Ta kontakt på e-post: forskningsdagene@uis.no Delta på Forskingstorget? Har du og fagmiljøet ditt lyst å ha ein stand på Forskingstorget laurdag 23. september 2023? Meld di interesse til Ilse Ros: ilse.ros@tekna.no Les meir på den nasjonale nettsida til Forskingsdagane.