Simuleringsverktøy for offshore vindparkar

Ole-Erik Vestøl Endrerud har ikkje berre avlagt doktorgrad, men også brukt forskinga til å skape ein innovasjonsbedrift med store, internasjonale investorar på laget.

Published Sist oppdatert
Ole-Erik Vestøl Endrerud. Foto: Morten Berentsen

I sitt doktorgradsarbeid har Vestøl Endrerud utvikla ein programvare for simulering som gjer det mogleg å bygge, drive og vedlikehalde vindmøller til havs på ein meir effektiv måte.

Tidleg i forskingsarbeidet skjønte stipendiaten at han satt på algoritmar som hadde stort potensial i å berekne lønnsemd og effekt i havvindprosjekt, som den gangen var ein ganske ung og kostnadsdrivande energibransje.

Selskapet Shoreline ble etablert allereie i 2014, i samarbeid med Validé, UiS' teknologioverføringsselskap (TTO) og andre aktørar som bidrog med finansiering. Selskapet har hatt ein eventyrleg utvikling og deira programplattform brukas i dag av store internasjonale aktørar i vindenergibransjen.

Samtidig med alt dette hadde Vestøl Endrerud også ei akademisk doktoravhandling som skulle skrivast, og 30. januar 2020 var det endeleg duka for disputas ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiS.

Avhandlinga har tittelen Simulation-Based Decision Support for Engineering Assets. An Agent-Based Approach to Operation and Maintenance of Offshore Wind Farms.