Tenkande klasserom - korleis læra bort matematikk ved at elevar og studentar sjølv er kreative og aktive

Undervisingsmodellen Tenkande klasserom blir meir og meir brukt innan matematikk, både i grunnopplæringa og i høgare utdanning. I ein ny video-reportasje kan du sjå korleis Universitetet i Stavanger bruker denne metoden på grunnskulelærarutdanninga og få vita meir om bakgrunnen.

Published Sist oppdatert

Elever og studenter løser matematikkoppgaver sammen ved tavle
I tenkande klasserom metoden skal elevane, eller studentane som her, løysa problem og sjølv komma fram til omgrep og metodar dei skal læra. Åsmund Gjære, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk ved UiS (nummer to frå høgre) med sine studentar. (Foto: Elisabeth Røvær, Screen Story)

«Tenkande klasserom», eller «Building Thinking Classrooms» som det heiter på originalspråket, har den seinare tida blitt meir populært i matematikkundervisinga, både i grunnopplæringa og i høgare utdanning, særleg lærarutdanninga.

Men kva inneber det eigentleg? Lærerutdanningsportalen har i samarbeid med Institutt ved grunnskole, idrett og spesialpedagogikk (IGIS) ved Universitetet i Stavanger (UiS) laga denne video-reportasjen, som gir svar på både «kvifor» og «korleis» om Tenkande klasserom.

Tenke matematisk og sjølvstendig

– Eit tenkande klasserom er eit klasserom der ein bruker praksisar som gjer at elevane tenker matematisk, definerer Janne Fauskanger, professor i matematikkdidaktikk ved UiS.

Åsmund Gjære og Janne Fauskanger, UiS
Åsmund Gjære og Janne Fauskanger, høvesvis førsteamanuensis og professor i matematikkdidaktikk ved UiS. (Foto: Elisabeth Røvær, Screen Story)

– Og desse praksisane snur om på ein del av dei tinga ein kjenner igjen frå det tradisjonelle klasserommet. Ein har ikkje ein lærar som fortel elevane eller studentane kva dei skal gjera eller korleis dei skal tenka. Elevane eller studentane løyser problem og kjem sjølv fram til omgrep og metodar dei skal læra, tilføyer Åsmund Gjære, førsteamanuensis i matematikkdidaktikk ved UiS.

Gjære har ansvar for klassen du kan sjå i videoen, og forklarer saman med Fauskanger kvifor UiS er blant universiteta som bruker denne metoden i ein del av matematikkundervisinga.

– Heilt nydeleg

Studentane har forlengst blitt fortruleg og glad i denne undervisingsmetoden.

Matematikkstudent som bruker tenkende klasserom-metoden
Karl Peter Jensen Larsen, lærar- og matematikkstudent ved UiS. (Foto: Elisabeth Røvær, Screen Story)

– Tradisjonell undervising er ofte bygd som ein slags fabrikkmodell, der ein berre skal gjenskapa. Her lærer ein å skapa sjølv og vera kreativ. Eit fokus på tenking - som i namnet. Ver kreativ, finn din eigen veg. Eigentleg slik matematikk blir gjort på veldig høgt nivå. Å kunne gjera det slik frå start, er heilt nydeleg, fortel Karl Peter Jensen Larsen, lærar- og matematikkstudent ved UiS.

– I praksisperiodane er tenkande klasserom veldig relevant. Eg har prøvd ut metoden sjølv i ein klasse på femte trinn, med god respons, seier Natalie Thente, lærar- og matematikkstudent i same klasse.

Matematikkstudent som bruker tenkende klasserom-metoden
Natalie Thente, lærar- og matematikkstudent ved UiS (Foto: Elisabeth Røvær, Screen Story)

UiS bruker ikkje utelukkande tenkande klasserom som metode i matematikkundervisinga, men vekslar mellom denne og til dømes meir tradisjonelle førelesingar.