Til deg du myr

Utstillinga "Til deg du myr" presenterer våtmarker som landskapstype, og formidler den store verdien til myr, tjern, sump osv., både for biologisk mangfald, økosystemtenester og som eit natur- og kulturhistorisk arkiv.

Published Sist oppdatert
Blåbærlyng i myr
Bilete av blåbærlyng. Foto: Annette G. Øvrelid

Våtmarka speler ein livsviktig rolle som Co2-lager, vannmagasin og som habitat for eit rikt artsmangfold.

Utstillinga har tre delar. Den eine delen fokuserer på kulturhistorie og våtmarker sin mystiske aura, som offermyrer og ein portal inn i ein annan verd. Neste del fokuserer på korleis myra er eit arkiv som kan fortelja oss om både vegetasjon- og landskapshistorie og klimaendringar over ein lang tidsperiode. I den tredje delen tek me føre oss korleis våtmarker er trua av utbygging. Me presenterer forvaltninga av våtmarker, og korleis dei i praksis har eit svakt vern, særlig som kulturhistoriske landskap.

I utstillinga får publikum møte skattar frå våre samlingar, for det meste gjenstandar av tre som er funne i myr og som sjeldan blir utstilt. Utstillinga er stemningsfull og estetisk, og kombinerer Annette Øvrelid sine foto med reproduksjonar av kunst, levande torvmose og tekst som gjev informasjon og vekkar refleksjon. Utstillinga skal skapa både interesse og glede for landskapstypen.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Klimastiftelsen og Arkeologisk museum. Opnar 18. mai 2022.

Arbeidsgruppa: Kristin. Armstrong-Oma (prosjektleiar, arkeologi), Christin E. Jensen (naturvitskap), Kristine O. Sørgård (arkeologi), Ellen T. Bøe (pedagogikk, skoletenesten).