Hopp til hovedinnhold

Heidra for framifrå forsking i moderne fysikk

Fyrsteamanuensis Aleksi Kurkela vart heidra då han vart tildelt Zimányi-medaljen under Quark Matter-konferansen 2019 i Kina.

Publisert: Endret:

Aleksi Kurkela
Fyrsteamanuensis Aleksi Kurkela.

Fyrste gong publisert: 11.11.2019



Kurkela får prisen for det banebrytande arbeidet han har gjort med feltteoretiske applikasjonar til QCD-ekvilibreringsmekanismen, testa i tung-ion-kollisjonar og til QCD-likninga for tilstand testa i nøytronstjernefusjonar. Prisutdelinga vart leia, og prisen vart overrekt, av professor Bernd Müller. Müller er leiar for divisjonen av kjernefysikk i det amerikanske fysikksamfunnet og assisterande direktør for Brookhaven National Laboratory for atom- og partikkelfysikk.

I tillegg til Zimányi-prisen vart også to medlemmer av det UHNett vest-finansierte "Vestlandsnettverk for kjernefysisk forsking" invitert til å gi oversiktpresentasjonar som representantar for forskingsfelta deira. Konrad Tywoniuk frå UiB heldt ein presentasjon om ny teoretisk utvikling i studien av partikkelstrålar med høg energi, og Alexander Rothkopf heldt ein presentasjon om nyleg framgang for bundne tilstandar med tunge kvarkar, såkalla kvarkonium.