Høgtlesing kan gje ungdomsskuleelevar meistringskjensle

Sjølv dei som synest det er vanskeleg å lese, kjende meistring då dei vart sette til å lese for førsteklassingar.

Published Sist oppdatert

Ungdomsskoleelev leser for førsteklassing

25 tiandeklassingar vart sette i par med kvar sin førsteklassing og bedne om å lese ei biletbok for den yngste. 

– Elevane var «høge på livet» då dei kom tilbake frå første lesemøte. Dei var så begeistra! Dei vart sjarmerte av førsteklassingane og spørsmåla dei stilte og opplevde at dei hadde fått eit lite innblikk i førsteklassingane si verd, fortel Monica Gundersen Mitchell som har utført studien i samband med doktorgradsarbeidet sitt ved Universitetet i Stavanger. 

Mitchell disputerer for doktorgraden i utdanningsvitskap 30. november 2018.  

– Elevane fekk i studien vist ei heilt ny side ved seg sjølv som overraska både meg og læraren deira, seier forskaren. 

Monica G Mitchell står mot kameraet og smiler
Monica G Mitchell

Variasjon i undervisninga 

Tiandeklassingane forklarte at det dei likte ved lesemøta, var at det gav dei variasjon i undervisninga. Dei fekk gjort noko anna enn berre å sitje ved pulten, det var ein annan måte å ha skule på. 

Samtidig opplevde dei seg som «dei eldste», som fekk vere førebilete for førsteklassingane, dei fekk ansvar, og dei opplevde meistring. 

«Det har vore eigentleg nokså lærerikt sidan du må gje så mykje av deg sjølv, eigentleg, til den vesle ungen.» 

Tiandeklassing i studien 

Lesemøtet vart også ein arena der tiandeklassingane fekk høve til å vise og utvikle sin litterære kompetanse. Det vil seie at dei fekk kunnskapar om biletboka som ein litterær tekst og dei fekk kunnskapar om kva det vil seie å lese litterært. Ved å lese for førsteklassingane fekk dei nemleg erfaringar med korleis førsteklassingane levde seg inn i teksten, korleis dei bygde førestillingar og forstod. 

Fordi førsteklassingane gjorde dette på ein annan måte enn tiandeklassingane sjølv, vart forskjellen i alder eit viktig poeng i studien. Kontrasten la til rette for læring. 

Gledde seg 

– Nesten alle sa at dei gledde seg, og når gutar i tiande klasse seier at dei gler seg til neste gong, då må du stoppe opp, seier Mitchell som meiner funna også er viktige i lys av Stortingsmelding 22 som viste at ungdomsskuleelevar er lite motiverte og at dei ønskjer meir praktisk og variert undervisning. 

– Det å lese høgt for førsteklassingar gjorde at lesinga fekk eit konkret føremål og ansvaret som følgde med gjennomføringa av lesemøtet, vart opplevd motiverande. Det same gjorde meistringserfaringa elevane fekk som formidlarar av litteratur. Dei gav uttrykk for at dei likte dette ansvaret, seier Mitchell. 

Snakka om litteratur 

Prosjektet starta med at tiandeklassingane snakka om det å lese høgt og bokval i klasserommet. 

Dei diskuterte spørsmål som «Korleis kan du skape engasjement og merksemd rundt ein tekst?» og «Korleis skal ein velje rett bok?» 

Klassen snakka også om kva forventingar dei hadde, korleis dei skulle førebu seg, og korleis dei kunne handtere eventuelle uventa hendingar. 

Fekk velje sjølv 

Tiandeklassingane fekk få føringar framfor lesemøtet bortsett frå at dei skulle lese ei biletbok dei sjølv hadde valt, for kvar sin førsteklassing. 

– Slik eg kjenner 15–16-åringar, er mange veldig pliktoppfyllande og opptekne av å gjere rett. Derfor kunne dei lett vorte nervøse dersom eg hadde gjeve ei rekkje med spesifikke instruksjonar dei måtte følgje. Så eg sa berre «Set dykk ned, gjer det de synest er naturleg og del ei leseoppleving!», og så observerte eg kva som skjedde, fortel forskaren. 

Lesevenene møttest tre gonger til høgtlesing i løpet av tre månader. Ein gong i løpet av perioden vart kvart leseven-par filma av Mitchell. 

Ville ha engasjement 

Før og etter kvart lesemøte skreiv tiandeklassingane det som blir kalla refleksjonsloggar der litteraturundervisninga vart aktualisert i lys av lesemøtet. Forskaren gjennomførte også ein individuell samtale med kvar av tiandeklassingane. 

Då Mitchell såg gjennom videoopptaka, oppdaga ho nokre mønster: 

– Tiandeklassingane var opptekne av at førsteklassingane skulle engasjere seg i teksten. Derfor la dei til rette for innleving, forståing og deltaking. Dei følgde ekstra godt med på at førsteklassingane forstod. Oppdaga dei at førsteklassingen var falle av samanhengen, tok dei raskt grep, fortel ho. 

«Det var litt vanskelig å få han heilt inn, eller vere inne i den verda, men vi kom jo inn i den, og så datt han litt ut av den igjen.» 

Tiandeklassing i studien 

Meir opptekne av detaljane 

Forskaren oppdaga at tiandeklassingane peika i bøkene på ein annan måte enn førsteklassingane. Tiandeklassingane peika på det teksten fortalte, medan førsteklassingane var opptekne av detaljar i bileta som ikkje nødvendigvis var kommentert i teksten. 

«Han sit liksom nede i boka og peikar på bileta.» 

Tiandeklassing i studien 

– Studien viser tydeleg korleis tiandeklassingar og førsteklassingar møter teksten på ulike måtar. Tiandeklassingane er opptekne av å lese teksten og formidle han, kanskje forma av eit tilsvarande fokus i skulelivet så langt. Førsteklassingane er meir visuelle. Dei kikkar på biletet, stiller spørsmål til det og har ei meir utforskande tilnærming. Dei yngste sitt store fokus på biletet, overraska dei eldste, fortel Mitchell. 

– Slike erfaringar danna grunnlaget for det som i didaktikk, læra om undervisning, blir kalla «læringsopne augneblinkar». Augneblinkar der utsikter for vekst og læring er særleg stor, fortset forskaren. 

«Han hadde auge for detaljar, heilt løye korleis han hang seg opp i ting som ikkje eg hadde tenkt på at han skulle henge seg opp i.» 

Tiandeklassing i studien 

Oppdaga tolkingsrom 

Tiandeklassingane fekk førstehandsrfaring med at den same teksten kan lesast og forståast på ulike måtar, at det er tolkingsrom i litteraturen. 

– Dette kom tydeleg fram ved at dei ofte svara på førsteklassingane sine spørsmål med «kanskje», seier Monica Gundersen Mitchell. 

Det at dei eldste vart kjenslemessig engasjerte og prega i møtet med førsteklassingane, var også viktig. 

– Når vi er kjenslemessig engasjerte, både hugsar og lærer vi betre, påpeikar Mitchell. 

Derfor er litteratur viktig 

Mitchell er tidlegare norsklærar i ungdomsskulen. Der er litteratur ein del av norskfaget i tiande klasse, og det var her ho fekk ideen til forskingstemaet sitt. 

– Eg leitte etter måtar å få elevane til å lese på eiga hand og til å skjøne kor viktig det er å lese litteratur, seier Mitchell som er oppteken av litteratur som danningsprosjekt. 

– I litteraturen kan du møte dei som er akkurat som deg og dei som er heilt annleis enn deg. Du kan bli med til andre si verd og få ny innsikt. På den måten utviklar du blant anna empati. I tillegg er det mykje rein glede, hygge og spenning å hente i litteraturen. Du kan utforske moglegheiter som ikkje er moglege i røynda, forklarer ho. 

Uutnytta moglegheit 

Mitchell sin studie er eit konkret innspel til korleis litteraturundervisninga i skulen kan utviklast. 

Ho peikar på at dette er ei uutnytta moglegheit i skulen. Ei moglegheit som i tillegg er veldig lett å gjennomføre. 

– Dette er eit enkelt tiltak som viste seg å ha mykje å seie for tiandeklassingane, og som alle lærarar og alle skular har høve til å gjennomføre. Sjølv om ein ikkje har ein 1–10-skule er det som regel ein barneskule i nærleiken av ungdomsskulen, seier ho. 

Referanse: Monica Gundersen Mitchell: Lesemøtet som arena for utvikling av litterær kompetanse. Elevar på tiande trinn les for elevar på første trinn. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Stavanger. 2018 

Tekst: Elin Nyberg