Innlegg frå rektor: Betre og billegare helsetenester

Eg tok ein pause frå KÅKÅnomics-festivalen i går ettermiddag, og drog til Solstrand for å delta ved Helse Vest sin forskingskonferanse.

Published Sist oppdatert

Anestesisykepleier på oreasjonsstue

Innlegget ble fyrste gong publisert 25. oktober 2019

Som fersk rektor ved eit universitet som satsar høgt på helse, så tenkte eg det kunne være både interessant å nytte dette høvet til litt fagleg påfyll frå forskingsfronten, og ikkje minst til å knytte kontaktar mot andre helsefaglege miljø.

Til morgonen i dag fekk me ein presentasjon frå Anne Kjersti Fahlvik, som er områdedirektør for næringsliv og teknologi i Norges Forskningsråd (NFR). Under tittelen ‘Forskning, teknologi og innovasjon i helsetjenesten’ gjorde ho greie for NFR si tilnærming til forsking på helseområdet.

Eit hovudbodskap var at NFR tenker mykje på korleis ein kan skape betre integrasjon mellom ulike fagfelt i tilnærminga til helseforsking. At dette kan gje interessant innsikt og betre helsetenester er sikkert heilt rett. Under presentasjonen fant eg likevel at hovudbodskapen eit stykke på veg blei forstyrra av for mykje vekt på næringslivssjargong som verdiskaping, vekst, innovasjon, kommersialisering osv.

Utan å avskrive eit næringsvenleg perspektiv på helseforskinga trur eg at vridinga i merksemd dei siste åra kan ha medført at særs viktige problemstillingar no smyg under radaren. Med utsikter til auka behov for helse- og omsorgstenester og stadig knappare budsjettrammer, så blir nemleg eit av dei aller viktigaste spørsmåla korleis ein kan få mest muleg igjen for ressursbruken i denne viktige sektoren for velferd og samfunnsutvikling.

I år vil det gå med 21o milliardar kroner over budsjettet for Helse og omsorgsdepartementet. Det tilsvarar 40 000 kroner per innbyggar, og totale årlege utgifter til helse og omsorg utgjer 2,1 prosent av verdien av Oljefondet. Svære pengar, altså. Samstundes blir eg stadig fortalt, både her under konferansen og andre stadar, at det er store rom for effektivisering i helsesektoren. At svinn, slakk og sløsing (med tid og pengar) kan representere så mykje som 20-50 prosent av dei årlege utgiftene, alt etter kven ein lytter til.

Om dette er rett, så kan enorme summar sparast på betre organisering, koordinering og leiing av helsesektoren. Med eit effektiviseringspotensial på 1/3 vil ein kunne spare 70 milliardar (!) kroner – kvart einaste år. Som kan brukast til fleire og betre offentlege tenester, innan helse og omsorg eller på andre område i offentleg sektor.

Eit slikt innsparingspotensial tilsvarer 7 gonger det årlege budsjettet for NFR. Dette burde indikere at forsking på effektivisering av helsesektoren har eit stort potensial for avkasting, eller verdiskaping om ein vil. På bakgrunn av dette er det at eg undrast over at NFR ikkje let til å være meir opptekne av å bygge kunnskap og kompetanse som kan legge til rette for betre organisering og ressursutnytting i forsyninga av helse- og omsorgstenester, gjennom tilnærmingar og forskingsprogram som går lengre enn til medisin, teknologi og kommersialisering av nye duppedittar.

Ved UiS likar eg best å sjå helsesatsinga i eit vidt perspektiv, som ikkje er avgrensa til medisin og teknologi, og heller ikkje til innovasjon og nyskaping i privat sektor. Ved UiS er det mitt håp at me kan sjå helsesektoren som ein arena for tverrfaglege tilnærmingar, gjennom utdanning, forsking, innovasjon og samfunnskontakt. Ved UiS er det mitt håp at eit slikt perspektiv kan opne for nye tankar og idear om korleis tilbodet av helsetenester kan haldast ved lag og videreutviklast på eit vis som gjer at me kan få mest muleg tilbake - til pasientane, til folk flest og til samfunnet.

Berre slik kan ein yte rettferd til ei så stor og altovergripande samfunnsutfordring.

@Mohnitor

--

KÅKÅnomics