Jærstrendene – Namn og stader

"Smedl", "Suggå", "Knogane", "Sprette" og "Kjerringå" er nokon av stadnamna langs Jærkysten som Inge Særheim fortel om i si bok "Jærstrendene – Namn og stader". Boka er eit praktverk med illustrasjonar og kart med over 3000 avmerkte namn på jærkysten.

Published Sist oppdatert

Forsida av boka Jærstrendene - Namn og stader

Artikkelen var første gong publisert 15.12.2015

Inge Særheim er Språkforskar ved Universitetet i Stavanger. Han har samla stadnam langs Jærkysten siden 1970-talet, og no er namna samla mellom to permer. Namla langs jærkysten har opphav frå ulike kjelder. Dei gir trygg ferdsel, nokon har eit dyreemne eller dei skildrar ein eigenskap ved staden. Og "Kjerringå" finn ein fire stader langs jærkysten. 

Navn på lumske skjer

Namneforskaren viser til at mange namn er laga til verb og gjev uttrykk for ei handling som båtførarar bør vera merksame på, til dømes Sprette, Springaren og Stikkaren. Alle desse er farlege skjer langs jærkysten og namna skildra bølgjerørsler og siktar til særs bråe og farlege rørsler.

– Steinen Springaren som ligg sør for Sirevåg, er av fiskarar omtala som «svært kvikk», eit skjer som bryt utan førevarsel. Slike stader bør ein halda god avstand til. Grunnar og skjer med slike namn kan bryte utan nærare varsel. Nokre av dei trekkjer båtane inn til seg når dei bryt, forklarer Særheim.

Han viser vidare til at lumske og særs farlege skjer og grunnar har fått namn som Døså – som ligg utanfor Jåsund – og Kniven, nord for Tjør. Likeins Klemmå, nytta om ei rive mellom to steinar utanfor Hårr der ein ikkje kjem gjennom med båt.

– Før hadde dei ikkje sjøkart. Slike namn er viktige orienteringspunkt på sjøen; dei minner om farlege krefter i naturen, og namna medverkar slik til trygg ferdsel forbi utsette stader i sjøen, forklarer Særheim.

Viktige kulturminne

Stadnamna er viktige kulturminne og kulturhistoriske kjelder som gjev oss opplysningar om natur, samfunn, arbeidsliv og førestillingar i tidlegare tider, og – ikkje minst – om språket vårt. I boka «Jærstrendene – Namn og stader» er det lagt fram språkleg og real forklaring på meir enn 3000 stadnamn som er registrerte langs jærstrendene, både frå sjøen og strandområda.

Det er teke med namn på holmar,grunnar, sund, fiskeméd m.m. i sjøen, og namn frå strandlina og strandsona nærast sjøen. Innsamlingsområdet strekkjer seg frå Tungeneset (Randaberg) i nord til grensa mellom Hå og Eigersund i sør. Eit karthefte som namngjev lokalitetar avmerkte på kartskisser, følgjer med boka.

«Jærstrendene – Namn og stader»
Veil. utsalspris 325,- Boka er utgjeven i AM-forlag sin Varia-serie.

Kjøp boka i museumsbutikken til Arkeologisk museum, eller bestill boka på epost resepsjon@am.uis.no så sender vil den til deg, fint innpakka. (Porto kjem i tillegg).