Korleis møter dei yngste barna i barnehagen kvarandre?

Korleis møter barn mellom eitt og tre år kvarandre i barnehagen? Det er tema når Yngve Rosell disputerer ved Det humanistiske fakultet 15. november 2016.

Published Sist oppdatert

portrett av Lars Yngve Rosell
Lars Yngve Rosell

Korleis møter dei yngste barna i barnehagen kvarandre? 

Korleis møter barn mellom eitt og tre år kvarandre i barnehagen? Det er tema når Yngve Rosell disputerer ved Det humanistiske fakultet 15. november 2016. 

Studien er eit bidrag til ny kunnskap om dynamikken i dei yngste barna sine møte med kvarandre i barnehagen. 

Rosell har fokusert på fenomena kontinuitet og brot i møta mellom barna. Kontinuitet er forstått som møte som varer ved. Brot har vorte studert på bakgrunn av kva barna uttrykkjer når møtet blir oppløyst, kor ope møtet er overfor andre barn og kva som kjem til uttrykk når det førekjem avvisingar. 

Eit særskilt fokus i forskinga til Rosell har vore å løfte fram kompleksiteten og dynamikken mellom kontinuitet og brot.  

Studien vart gjennomført i ein middels stor og delvis basestrukturert barnehage.  

Rosell har observert møte mellom 21 barn i alderen eitt til tre år under fri leik ved bruk av video i ein periode på fire månader.  

Barna var ein del av ei barnegruppe i ein middels stor og delvis base-strukturert barnehage på Vestlandet.  

Metodane som vart brukte, var videoobservasjon og feltdagbok. 

Det materialet som er presentert i avhandlinga, byggjer på møte mellom 21 barn i alderen 1–3 år, og utgjorde ca. 15 timar med videoobservasjonar. 

Avhandlinga har tittelen «Møter mellom barn - kontinuitet, dissonans og brudd i kommunikasjonen». 

Professor Eva Johansson ved Institutt for barnehagelærarutdanning (IBU) ved UiS har vore hovudrettleiar for doktorgradsarbeidet. Instituttleiar Rudy Garred ved IBU har vore medrettleiar.  

Yngve Rosell er 36 år gamal og frå Stavanger. Han er utdanna førskulelærar frå UiS i 2006 og har ein mastergrad i spesialpedagogikk frå UiS frå 2008. Han arbeider som førsteamanuensis ved Institutt for barnehagelærarutdanning ved UiS.