Eit forskingsseminar frå Senter for innovasjonsforsking: Miljømessig, økonomisk og sosial berekraft - Perspektiv frå Fiskeri- og Akvakultur sine prestasjonindikatorar

Alle interesserte er velkomne til seminar ved Senter for Innovasjonsforsking, 2 september i Elise Ottesen-Jensens hus, rom EOJ 276/277 frå 12:00 til 13:00.
Seminaret vert halde på engelsk og streama på Teams. Kontakt Hilde Ness Sandvold på E-post: hilde.sandvold@uis.no for invitasjon.
Seminargjest: Taryn M. Garlock, førsteamanuensis, School of Fisheries, Aquaculture and Aquatic Sciences, Auburn University
Engelsk tittel: Environmental, economic and social sustainability - Perspectives from the Fishery and Aquaculture Performance Indicators
Samandrag:
Det er ei aukande erkjenning av at fiskeri og akvakultur bør forvaltast etter dei tre berekraftspilarane: miljømessig, økonomisk og sosial berekraft. Likevel finst det ingen metodar eller data som kan brukast til å konsekvent evaluera og samanlikna fiskeri- og akvakulturprestasjonar langs dei tre berekraftspilarane. Fiskeriprestasjonsindikatorane (FPI) og Akvakulturprestasjonindikatorene (API) vart designa for å adressera dette gapet. Ved å bruka data frå 156 fiskeri og 69 akvakulturstudiar samla inn ved bruk av FPI og API, blir prestasjonsutfalla til fiskeri og akvakultur undersøkt på tvers av ei rekkje variablar. Forholda mellom input- og outputindikatorar blir analyserte for å forstå forholdet mellom moglegheitsfaktorar og berekraftig industrivekst.