Det grøne oljeuniversitetet

Torsdag 28. september 2023 kl. 12:15-13:00,
Universitetsbiblioteket, Campus Ullandhaug.

Kan UiS utvikle oljebransjen og samtidig vere ei drivkraft for det grøne skiftet?

Publisert Sist oppdatert

Banner til arrangement om det grøne oljeuniversitetet

Universitetsbiblioteket i Stavanger og Forskingsdagane inviterer til paneldebatt om energiforsking ved UiS, og spør om Universitetet i Stavanger har rista av seg oljestempelet.

I panelet har vi UiS-rektor Klaus Mohn, forskar ved Norsk Oljemuseum Ole Kvadsheim, Ingvild Meland, strategi- og kommunikasjonsdirektør i Nysnø og førsteamanuensis ved UiS, Anders Riel Müller.

Dekan ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultetet, Øystein Lund Bø, vil innleie debatten med ei innføring i kva for nokre CO2-reduserande forskingsprosjekt som går føre seg på UiS for tida.

Meir om panelet

Klaus Mohn har vore økonomisjef i Statoil og veit kor viktig olja er for Norge. Han er professor i økonomi og opptatt av lønsemd. Samtidig er Mohn ein aktiv fluefiskar som veit at det er vanskeleg å måle verdien av urørt natur i pengar. Kor meiner rektoren at vi skal hente energien i framtida?

Ole Kvadsheim er samfunnsøkonom og jobbar som forskar ved Norsk Oljemuseum. Han er fast skribent i Stavanger Aftenblad og Klassekampen, kor han har skrive mykje om klima, energi og økonomi. Han argumenterer for at ei politisk bestemt utfasing av norsk olje- og gassverksemd er eit lite treffsikkert klimatiltak, og at vi bør vere meir kritiske til den aktive næringspolitikken, kor politikarene favoriserer bestemte grøne næringar. I denne samanhengen meiner han at petroleumsforsking framleis bør ha ein sentral posisjon på UiS.

Ingvild Meland jobbar for statens klimainvesteringsselsskap, Nysnø. Dei jaktar selskap med smarte løysingar for CO2-reduksjon som dei kan investere pengar i. Gjennom samarbeid trur Nysnø at vi kan klare å skape ei rein, berekraftig og karbonnøytral verd innan 2050. Meland kjem for å utfordre UiS til å bidra til dette med meir forsking på CO2-reduserande prosjekt.

Anders Riel Müller er førsteamanuensis i byplanlegging ved UiS. Anders har i mange år jobba med regional utvikling basert på fornybar energi i mellom anna Danmark, USA og Sør-Korea før han gjekk tilbake til akademia. På UiS forskar han blant anna på regional økonomisk transformasjon i mellomstore byar dominert av tunge fossilbaserte industrier. Han jobbar for tida på ein artikkel om økonomiske strategiar i Stavanger basert på ønsket om å finne «den nye olja» og korleis dette bremser for at regionen verkeleg skal bli grøn og oljeuavhengig. Som han seier sjølv: «Ønsket om den nye olje ender med å fastholde oss i den gamle olje».

Debatten går på norsk.