Dette er nokre av våre favorittord på nynorsk

Til lukke med nynorskdagen! I dag har me på biblioteket spurt studentar og tilsette om kva som er deira favorittord på nynorsk.

Published Sist oppdatert
Nynorskdagen 2023
Kva er ditt favorittord på nynorsk? Skriv det gjerne i kommentarfeltet i innlegget vårt i sosiale medium. Foto: Tonje Elise Karlsen.
Universitetsbiblioteket i Stavanger, nynorskdagen
Målet er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og elles å vise fram det flotte språket.

Fredag 12. mai er ein nasjonal merkedag for nynorsk, og Mållaget vil nok ein gong invitera alle i Noreg til å skriva nynorsk.

På Universitetsbiblioteket i Stavanger har me markert dagen ved å spørja tilsette og studentar om kva som er deira favorittord på nynorsk.

Desse svara fekk me:

1. Hugleik

Ein leik med hugar (tankar). Tankeleik eller fantasi.
Er du ein som ofte leikar i hugen?

2. Mellombels

Ei stuttare tid mellom to bel; ei løysing for ei viss tid. Kortvarig, førebels.
Også namnet på ei ølstove på Bryne, men etter sju år kan ein vel seie at ho ikkje er særs mellombels.

3. Kjosa

Å velje.
Ein kan jo lura på om det er vikingane som er opphavet til det engelske ordet ‘choose’?

4. Grublisera

Å gruble eller fundere.
Eit snålt ord.

5. Framifrå

Noko som er spesielt godt eller av ypparste kvalitet.
Dette ordet kan faktisk og brukas dei gongene du skriv bokmål.

6. Korkje

For å uttrykkje at ei nekting gjeld begge ledda. ‘Korkje det eine eller det andre’
Eit ord som ligg godt i kjeften.

7. Stålstut

Bulldosar.
Du finn faktisk ordet i ordboka.

Kva er ditt favorittord på nynorsk? Skriv det gjerne i kommentarfeltet i innlegget vårt i sosiale medium.

I sosiale medium brukar UiS i dag emneknaggen #nynorskdagen.

Om nynorskdagen

Under kan du lesa kva Noregs Mållag skriv på nettsidene sine:

Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget eit historisk vedtak. Då vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål gjennom «jamstillingsvedtaket». Dagen kallar me nynorskdagen. Målet er å få sjå litt meir nynorsk rundt oss, særskilt på plassar der vi vanlegvis ikkje ser han.

Nynorsk er eit nasjonalt språk som alle i Noreg lærer i skulen. Målet vårt er å ufarleggjere det å skrive nynorsk for dei som sjeldan eller aldri gjer det, og elles å vise fram det flotte språket.

Les meir om nynorskdagen på mållaget sine nettsider.

Tekst: Marie Kulander Knudsen og Tonje Elise Karlsen.

Nynorskdagen 2023
Nynorskdagen 2023
Nynorskdagen 2023
Nynorskdagen 2023
Nynorskdagen 2023
Nynorskdagen 2023
Nynorskdagen 2023
Universitetsbiblioteket i Stavanger, nynorskdagen