- Viktig at vi følger forskingsetisk regelverk

Det er særs viktig at UiS følger retningslinene for forskingsetikk når det kjem skuldingar mot vitskapleg tilsette. Det seier rektor Klaus Mohn.

Published Sist oppdatert

Rektor Klaus Mohn

– Innvendingar knytt til forskingsetikk utfordrar sjølve integriteten til enkeltforskarar og til oss som institusjon, og rører ved sterke interesser og kjensler. Difor er det særleg viktig at handteringa følgjer fastlagte retningslinjer. Berre slik kan ein sikre ei balansert og forsvarleg varetaking av dei ulike sidene i slike saker, seier Mohn.

Regelverket for forskingsetikk ved UiS blei aktualisert etter at ein konsulent i oljebransjen kom med alvorlege skuldingar mot historieprofessor Marie Smith-Solbakken og forskargruppa hennar. Saka gjaldt deira forsking på granskinga av Noregs største industriulukke, Alexander Kielland-katastrofen.

Klagesaka blei behandla som eit varsel ved UiS. Saka er no ferdigbehandla og det er ikkje mistanke om brot på forskingsetiske retningsliner.

Alle saker må behandlast

Styret på UiS vedtok i 2018 nye retningsliner for korleis institusjonen skal handsama moglege brot på forskingsetiske normer. Dette var i tråd med den nye forskingsetikklova, som trådde i kraft året før.

Retningslinene beskriv korleis UiS skal følgje opp meldingar om moglege brot på gjengs aksepterte forskingsetiske normer. Alle slike saker, uansett alvorsgrad, skal behandlast i tråd med desse retningslinene.

Fakultetet først

Saker som kjem inn til UiS skal alltid behandlast av det aktuelle fakultetet. Dekanen ved fakultetet må ta stilling til om det er grunnlag for å gå vidare med saka. Dersom dekanen konkluderer med mistanke om brot på forskingsetiske retningsliner, skal saka sendast over til Forskingsetisk utval (FEU) ved UiS.

Dersom klagen er grunnlaus eller av andre årsaker ikkje kan føre fram, kan dekanen avvise saka.

I saker der det er mistanke om brot på forskingsetiske retningsliner, skal fakultetet greie ut saka. Dersom saka krev det, kan fakultetet sette ned eit ad hoc-utval med medlemar frå eige og eventuelt andre fakultet. Sjølv om fakultetet finn at dei ikkje kan behandle saka, for eksempel på grunn av inhabilitet, skal dei likevel forberede saka før dei sender ho vidare til Forskingsetisk utval ved UiS.

Forskingsetisk utval

Forskingsetisk utval kan velje å avvise saka, eller realitetsbehandle ho. FEU kan anten behandle ho sjølv, eller (i samråd med universitetsleiinga) utnemne eit ad-hoc-utval med eksterne medlemar. Utvalet skal ta stilling til tre spørsmål:

  • om forskaren har oppført seg uærleg eller ikkje
  • om det finst systemfeil ved institusjonen
  • om det vitskaplege arbeidet bør korrigerast eller trekkast tilbake.

Forskarar som får ein konklusjon om brot på forskingsetiske retningsliner mot seg, kan klage til forskingsdirektøren ved UiS, som sender saka vidare til det nasjonale Granskingsutvalet. Vil du vite meir? Les heile dokumentet med retningsliner her: