Rektors tale på UiS sin årsfest 2023

Fungerande rektor Merete Vadla Madland sin tale ved årsfesten til Universitetet i Stavanger.

Publisert Sist oppdatert

Kvinne holder tale på en scene med bildeslide i bakgrunnen.
Fungerende rektor Merete Vadla Madland under UiS sin årsfest 2023. (Foto: Brian Tallman)

Kjære alle saman!

Me seier gjerne at me er eit ungt universitet. Til neste år fyller me 20 år. Men dei fleste av dykk veit at me er eldre enn som så. Universitetet i Stavanger står på skuldrene av høgskuler med mange tiårs – i nokre tilfelle 100 års – verksemd. I år feirer vi 50 år med barnehagelærarutdanning og til neste år skal me feire 70 år med lærarutdanning.

Velkomen til Universitetet i Stavanger!

Som ungdommer flest har me strutta av sjølvtillit, framdrift og vekst i fleire år nå - til beste for regionen og Noreg. Vi har auka studenttalet frå år til år. Vi har aldri før fått innvilga så mange av våre søknader til Forskingsrådet og EU som i år. Ja, fram til i dag har alle piler stort sett peika oppover. Frametter kjem vi ikkje til å vekse på same måte. Me er i ei omstilling. Forslaget til statsbudsjett som kom for vel ein månad sidan, rammar UiS særleg hardt. Me tek del i alle kutta, men regjeringa sine satsingar går andre stadar.

Stor gruppe personer i blå kapper på en scene
Nye doktorer ved Universitetet i Stavanger i 2023

Det betyr ikkje at me legg ambisjonane våre til side. Strategien mot 2030 skal fortsatt være vår rettesnor, med temasatsingar som kretsar rundt grøn omstilling. Ikkje minst gjeld dette helse og velferd, der behova er store, og me har eit godt utgangspunkt. No forventar me at politikarane stiller opp, mellom anna når det gjeld satsinga vår på eit profesjonsstudium i psykologi og til eit nybygg til helsesatsinga vår.

Sjølv er eg trygg. Trass i trongare budsjett skal me klare oss godt.

Utfordringane våre – med dyrtid og mindre gunstige rammevilkår – er strengt tatt for bagatellar å rekne når ein ser kva andre menneske og organisasjonar må hanskast med. Eg tenkjer på dei som står i krig og konflikt, i Ukraina og i Midtausten. Universitetet i Stavanger står i solidaritet med ofra, og med dei pårørande. Me er og bekymra for nedbygging av demokrati og auka framvekst av totalitære regime. Delar av utviklinga i verda for tida er særs urovekkande.

Kva rolle kan universiteta spele i ei verd prega av uro og store globale utfordringar? Kven og kva skal vi være – for studentane våre, for våre tilsette og for menneska rundt oss? Kva er vårt samfunnsoppdrag?

Sjølv tenker eg at utvikling av kunnskap og open offentleg meiningsbryting legg ein grunnpilar for demokratibygging både ute og heime. Gjennom høgare utdanning og danning øver me unge menneske i toleranse, nyfikne, kritisk refleksjon og søking etter sanning. Slik medverkar me til å utvide og utvikle ytringsrommet – og til å bygge tillit, som mange reknar som sjølve limet i eit demokrati.

Ei viktig oppgåve for oss alle er å vise respekt for ulike meningar, fremme gode dialogar framfor latterleggjering eller sverting av meiningsmotstandar. Vår rolle må være å legge til rette for diskusjonar om vanskelege tema utan å nøre opp under eit fiendebilete. Om me ikkje lykkast i sivilisert meiningsbryting her heime, kan me vanskeleg halda fana høgt og bidra positivt i demokratibygging internasjonalt.

Like så sikkert som me skal møte utfordringane når det gjeld helse og velferd, skal me møte klimautfordringa og rigge oss for eit lågutsleppsamfunn. Dette gjer me gjennom kunnskapen me legg til rette for, og gjennom måten me driv universitetet på. Ein milepæl i så måte var at me dette året fekk etablert eit nytt emne i berekraft og grønt medborgarskap mynta på bachelorstudentar frå alle fakultet.

I år er det 250 år sidan naturfilosofen og vitskapsmannen Henrik Steffens vart fødd i Stavanger. Norges første intellektuelle superstjerne berømt for sine entusiastiske naturfilosofiske forelesingar. Han var ein uredd og engasjert samfunnsdebattant og ein pådrivar for at universitetet skulle ta aktivt del i det offentlege ordskiftet.

Me er stolte over å ha trukke Steffens fram i lyset igjen dei siste åra – mykje takka vere universitets eigne Steffens-entusiastar som har arbeidd med Steffens-salongar og Steffens-konferanse. Og 29. november lanserer Universitetet i Stavanger ei ny årleg Henrik Steffens-forelesing.

Universitetet i Bergen har Holbergforelesinga. Universitetet i Oslo har si Eilert Sundt-forelesing. No får altså Universitetet i Stavanger si Steffens-forelesing. Den skal fremje den opne og konstruktive utvekslinga av kunnskap og idear ved å invitere ein person kvart år til å dele sin unike innsikt og sine synspunkt med det akademiske miljøet ved Universitetet i Stavanger og vår omverden. Det er me stolte over.

Den aller første Henrik Steffens-forelesninga blir gitt av den vidgjetne engelske professoren og arkeologen David Wengrow. Me gler oss – og de er alle velkommen!

Det å fremme kunnskap og debatt er i Steffens ånd – så vel som i Stavangers og Universitetet i Stavanger si ånd. Saman bidreg vi til ein kunnskapsby som fremmer kritisk refleksjon og ytringsfriheit – blant anna gjennom ICORN, det internasjonale fribynettverket for forfølgde forfattarar, og festivalane Kapittel, Kåkånomics og Wonderful World. Universitetet i Stavanger er også ein stolt medarrangør av byjubileumet i 2025.

Vi har nyleg fått ein utmerking frå EU-kommisjonen som viser at Universitetet i Stavanger er ein god stad å drive forsking og at me legg godt til rette for forskarkarrierar. «The HR Excellence in Research» viser at vi etterlev EUs høge standardar. Vi håper at nokre av våre 54 doktorar, som vi er her for å feire i dag, kan nyte godt av dette i framtida.

Me er her i dag for å feire våre 54 doktorar. Takka vere deira forsking har vi blant anna fått ny kunnskap om havvind, demens, skriveopplæring og arbeidsinnvandrar sitt møte med norsk arbeidsliv. Ein spesiell gratulasjon til Kristoffer Berre Alberts, som er fyrste kandidat ut med ein doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid ved UiS. Alt dette er viktige samfunnsbidrag som skaper ringverknad.

Gratulerer til alle nye doktorar! Gratulerer Universitetet i Stavanger!