Rør ikkje oljeskatten

Justering av skatteregimet er ein sløv reiskap mot oljeutfordringar og omstillingsbehov.

Published Sist oppdatert

Illustrasjon med oljetønner og graf

Innlegget ble fyrste gong publisert i mai 2020.

På heimekontoret stundar det mot kveld. Vêret har slått om. Etter stadig lengre dagar med solskin og vår, ligg skydekket no tungt over nabolaget. Nyheitsbiletet dreg meg inn. Det er ikkje koronakrisa i seg sjølv som fangar merksemda denne gongen. Denne gongen er det utsiktene for økonomi og næringsliv i Stavanger-regionen. Her ser det heller ikkje særleg lyst ut. Oljeprisen har kollapsa. Pilene peikar ikkje lenger oppover. Optimistane har lagt inn årene.

Godt regime for investering

Ein viktig del av suksessoppskrifta for norsk oljepolitikk er at ein har lykkast med å skilje oppteninga av olje- og gassinntektene frå bruken av dei same inntektene, og ikkje minst at skattesystemet har lagt til rette for at storparten av dei ekstraordinære inntektene frå utvinninga kan fangast for fellesskapen.

For skatteregimet har politikarane og næringsinteressene etablert ei felles forståing om at stabilitet skal stå i høgsetet. Stabilitet i skattesystemet tek bort uvisse rundt reguleringa og legg til rette for føreseielege rammevilkår. Resultatet er eit regime som er investeringsvenleg, der reguleringsrisikoen for praktiske formål er eliminert, og der all risiko for selskapa er knytt til marknadane dei opererer i, som til dømes oljemarknaden. Dette er akkurat det selskapa har bede om. Og politikarane har levert.

Stabilitet i gode og vonde tider

Med dette som bakgrunn har næringa reagert med ramaskrik på alle tilløp til justering av skattesystemet for olje- og gassnæringa, og spesielt mot politikarar som har teke til orde for skjerping av skattane når tidene har vore ekstraordinært gode. Like høglydt har kritikken vore mot politikarar som har lufta tanken om å bruke skattesystemet for å dempe aktiviteten i næringa når kostnadspresset har vore høgt.

Men styresmaktene har stått imot, og late selskapa nyte godt av dei gode tidene. Og godt er det. For barbering av overskot i gode tider ville reise reguleringsrisiko på linje med utviklingsland. Stabilitet er dermed eit heidersmerke som skil den norske modellen frå land me helst ikkje vil samanliknast med.

Dermed skulle ein tru at omsynet til stabilitet var like viktig når tidene ikkje er så gode. Men slik er det ikkje. Når marknadsmessige forhold skapar motvind, er vegringa vesentleg mindre mot justering av skattemessige rammevilkår, spesielt frå næringa si side.

Koronakrisa reiser nye krav

Koronakrisa er ikkje noko unntak. Med eit markant tilbakeslag i oljeforbruk og oljepris har inntektene til oljeselskapa klappa saman nærmast frå ein månad til den neste. Resultatet er at oljeselskapa no kappast om å stramme livreima så hardt som råd er, med dramatiske ringverknadar for alle som lever av oljeselskapa sine utgifter. Og det er ikkje få.

I denne situasjonen er det at bransjeorganisasjonen Norsk olje og gass har lagt fram det professor Rögnvaldur Hannesson (NHH) omtalar som eit frimodig forslag om akselerasjon av skattefrådrag, med mål om å halde olje- og gassaktiviteten ved lag gjennom krisa. Dette er meir gunstig enn i andre delar av norsk økonomi, og dermed risikerer ein at det blir investert meir i olje og gass enn det som er lønsamt for samfunnet.

Finansdepartementet er kritisk til forslaga frå næringa, og innstillinga frå regjeringa siktar difor på justeringar som kan å bremse farten i tilbakeslaget, utan å rokke ved dei viktigaste berebjelkane i skattesystemet. Men ei forbigåande lette er det like fullt. Og når målet er å halde oljeaktiviteten ved lag, så blir det uansett ein smule gåtefullt at Finansdepartementet omtaler tiltaka som «omstillingsstøtte».

Sitt i ro i båten!

Framleis er det slik at om koronakrisa er forbigåande, så vil tilbakeslaget heller ikkje vare ved. Skattesystemet er dårleg eigna til regulering av aktivitetsnivået frå eit år til eit anna. Dette bryt med omsynet til stabilitet i skatteregimet. Så om koronakrisa er av konjunkturell karakter, så bør politikarane la skattesystemet vere i fred og overlate handteringa av krisa til selskapa.

Om koronakrisa er av varig karakter, så vil ho føre med seg djupare endringar for oljemarknad og oljepris sjølv på lang sikt. Den beste responsen mot utfordringar av strukturell karakter er omstilling. For skattesystemet er dermed konklusjonen den same: Politikarane bør halde fingrane av fatet.

Spørsmålet som står att, er om tilbakeslaget for olje- og gassnæringa er ei utvikling som skal motverkast, – om ein berre skal sitte roleg å sjå på, eller om ein skal nytte høvet til å sette fart i omstillinga dei fleste er einige om at ein vil trenge på litt sikt. Situasjonen legg til rette for eit politisk teater, med næringsinteressene og fagrørsla i tett allianse for å dempe tilbakeslaget, og med politikarar som må vege omsynet til krisehandtering og stabilisering på kort sikt mot omsynet til omstilling på lengre sikt.

Smidig omstilling føreset at sysselsetting og kapital lett flyttast mellom ulike næringar i norsk økonomi, utan vesentleg friksjon og utan forskjellsbehandling eller andre former for slagsider i næringspolitikken. Om rammevilkåra for investeringar skal vere ulike på tvers av norsk næringsliv, så bør ein tenke seg godt om slik at politikken ikkje bremser den omstillinga ein ønsker seg, og sementerer ein næringsstruktur me er på veg bort frå.

Snarare burde politikken legge til rette for eit næringsliv som best kan sikre vekst, verdiskaping og berekraft på lang sikt.