Saman for eit tryggare Noreg

Samfunnstryggleik og nye trusselbilete var tema då nærmare 250 deltakarar var samla på Samfunnssikkerhetskonferansen 2020.

Published Sist oppdatert

Samfunnssikkerhetskonferansen 2020 blei opna av rektor Klaus Mohn
Konferansen blei opna av rektor Klaus Mohn

– I år er det 18. gongen UiS arrangerer denne konferansen, sa rektor Klaus Mohn då han opna konferansen.

– Eg håper denne dagen blir brukt til å setje agenda og retning for arbeidet i åra som kjem, sa rektoren vidare.

Han nytta høvet til å markere at det er 20 år sidan UIS starta sitt fyrste masterstudium i samfunnstryggleik.

Universitetet i Stavanger har ei lang historie innanfor feltet, og rektoren la vekt på det sterke fagmiljøet som har blitt bygt opp gjennom tiår med satsing på forsking på tryggleik og risiko i samfunnet.

Programmet for konferansen var delt inn i tre bolkar, som kvar tok for seg viktige og dagsaktuelle tema innanfor samfunnstryggleik: Totalforsvaret, cyber security og krisehandteringa av Viking Sky-hendinga.

Totalforsvaret

Den fyrste bolken tok for seg totalforsvaret frå ulike perspektiv. Temaet handlar om korleis samarbeidet mellom sivile styresmakter og forsvaret kan gjerast best mogeleg.

Med foredragshaldarane generalmajor Kristin Lund, kontradmiral i JWC NATO Jan C. Kaack, Fylkesmann i Rogaland Lone Solheim og stipendiat Magnus Håkenstad fekk deltakarane klargjord tematikken frå fleire ulike vinklar; frå den lokale helten opp til overordna strategisk nivå, i tillegg til eit historisk blikk på korleis totalforsvaret har vakse fram i etterkrigstida

Cyber security

Eit av dei mest aktuelle temaa innanfor samfunnstryggleik er cyber security. Såkalla hybridangrep blir meir og meir vanlege. Då blir konvensjonell krigføring blanda med, for eksempel, cyberangrep. Korleis kan vi best mogeleg sikre oss mot slike angrep, som i den digitale kvardagen vår kan lamme store delar av samfunnet?

Foredragshaldarane her var Hermann S. Wiencke frå Proactima, Chris Dale frå Netsecurity, Per Brekke frå DSB, Halvor Molland frå Norsk Hydro og Erik M. Hansen frå Helse Vest IKT Saman klargjorde dei korleis enkeltpersonar, organisasjonar og heile samfunn kan, og må, sikre seg mot . Med aktuelle casar frå Norsk Hydro og Helse Vest blei problemstillinga ytterlegare aktualisert.

Viking Sky

Den siste delen av programmet var vigd ein spesifikk case: Viking Sky-hendinga. 479 personar blei evakuerte med helikopter då cruiseskipet Viking Sky fekk maskinstans på Hustadvika i mars i fjor.

Pauli Marshall Løchting, innsatsleiar frå Møre og Romsdal politidistrikt, Jan Morten Dale, vernebuingskoordinator i Fræna kommune og Hans Vik, politimeister i Sør-Vest politidistrikt delte alle erfaringane sine frå denne hendinga, som var augneblink frå katastrofe.

Samfunnssikkerhetsprisen

Tradisjonen tru blei Samfunnssikkerhetsprisen delt ut til ei mastoppgåve som markerer seg innanfor fagfeltet. Årets vinnar var Alvhild Skjelvik, med oppgåva si «Cyber-risiko i den norske finanssektoren». I juryen si grunngiving står det:

"Årets vinnar har skrive ei særs relevant mastoppgåve for vår tid.
Oppgåva handlar om eit tema som også passar godt på årets konferanse.

Vinnaren har:

  • Gjennom ein kreativ vrid på problemstillinga klart å analysere problemet på ein slik måte at det kan vere enklare å forstå og handtere framtidige utfordringar når det gjeld tryggleik i sektoren.
  • Gjennom å sjå sektoren som eit høgteknologisk system blir drøfte korleis ulike trusler og farar påverker risiko. Dette blir gjort gjennom å nytte teori om normale ulukker og ved å bruke prinsipp frå høg-påliteleg organisasjonsteori og det såkalla IRGC-rammeverket

Vinnaren har også gjennomførd ei grundig og imponerande empirisk innsamling av data innanfor eit tema som det ofte er svært vanskeleg å få detaljert kunnskap om.

I oppgåva blir cyber-risiko undersøkt i finanssektoren og kvifor cyber-risikoen har utvikla seg dei siste 10 åra."

Tekst og foto: Mari Løvås
(Artikkelen blei publisert første gong i januar 2020)