Datamaskinkonstruksjon (ELE340)
Emnet gir ei vidareføring i innebygde system (IBS), dvs. mikroprosessorbaserte system for overvaking og styring. Studentane blir organiserte i prosjektgrupper som skal gjennomføra utvikling av eit IBS for styring av ein enkel prosess og med eit passande operatørgrensesnitt. Ein legg vekt på prosjektstyring og tverrfagleg arbeid. Emnet er laboratorieintensivt, og forelesningar blir gitt av utvalde tema.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2022-2023
Emnekode
ELE340
Versjon
1
Vekting (Sp)
10
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Emnet gir ei vidareføring i innebygde system (IBS), dvs. mikroprosessorbaserte system for overvaking og styring. Studentane blir organiserte i prosjektgrupper som skal gjennomføra utvikling av eit IBS for styring av ein enkel prosess og med eit passande operatørgrensesnitt. Ein vil gjennom prosjektet og forelesningane i faget følgja ein systemkonstruksjon/elektronikkutviklingsprosess frå start til ferdig produkt (prototype).
Mikrokontrolleren STM32F3 som er basert på ein ARM Cortex-M4 kjerne blir brukt i emnet. Nokre tema: Prosjektstyring. Seriell kommunikasjon. Analog/digital-omforming. Pulsbreiddemodulasjon. Krafttransistor. Kraftforsyning/spenningsregulator. Implementasjon av signalbehandlings- og reguleringsalgoritmar i mikrokontroller. Støy EMI og EMC. Elektronikkonstruksjon. Arbeidet krev at ein knyttar saman kunnskap frå ei rekkje fagfelt, og prosjektstyring er eit sentralt element i utviklingsarbeidet.
Læringsutbytte
Kunnskap:
- Vite korleis ein datamaskin generelt og eit innebygd system (IBS) spesielt kan konstruerast.
- Vite korleis ein kan laga grensesnitt mot eksterne komponentar.
Dugleik:
- Kunne planlegga eit enkelt utviklingsprosjekt samt rapportera og styra dette.
- Kunne spesifisera, analysera og detaljutvikla maskin- og programvare for eit enkelt IBS.
- Kunne teikna, leggja ut, produsera, montera og testa enkle kretskort med eitt eller to lag.
- Kunne diskretisera og realisera enkle signalbehandlings- og reguleringsalgoritmer som kode i eit IBS.
Generell kompetanse:
- Heilskapleg forståing av struktur, eigenskapar og potensiale til datamaskinbaserte system i globalt livsløpsperspektiv med hovudvekt på innebygde system.
Forkunnskapskrav
Anbefalte forkunnskaper
Eksamen / vurdering
Ein skriftleg eksamen og prosjektrapport
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Ein skriftleg eksamen | 2/5 | 3 Timar | Bokstavkarakterar | Alle 1) |
Prosjektrapport | 3/5 | Bokstavkarakterar |
1) Alle trykte eller handskrivne hjelpemiddel er tillatne. Alle kalkulatorar tillatne.
Prosjektrapporten dokumenterer prosjektarbeidet. Prosjektrapporten kan skrivast i gruppe eller individuelt. Viss rapporten er skriven av ei gruppe, vil alle deltakarane i gruppa få felles karakter.Alle vurderingsdeler må være bestått for å få samla karakter i emnet.Det er ikkje mogleg å konte på prosjektrapporten. Studentar som ynskjer å ta denne delen på nytt, må gjere det neste gong emnet har ordinær undervisning.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatoriske arbeidskrav (som laboratoriearbeid, innleveringar, prosjektoppgåver og lignende) skal vera godkjende av faglærar innan angitt frist.
Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort. Konsekvensen av at du ikkje har fått godkjent laboratoriearbeid er at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Kristian ThorsenAnsvarleg laboratorieøvingar:
Jon FidjelandInstituttleiar:
Tom RyenArbeidsformar
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Systemkonstruksjon (BIE110_1) | 5 |
Digital og analog elektronikk (BIE230_1) | 5 |
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_1) | 5 |
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_A) | 5 |
Åpent for
Bachelornivå på Det teknisk-naturvitskapelege fakultetet. Grunna laboratoriefasilitetar og utstyr er talet på studentar i emne avgrensa.
Opptak vært avgjere på grunn av resultater tidligare i studiet (karakterar). Karakterar i emner som er obligatoriske forkunnskapskrav teljar med i vurderinga med vekting: ELE210 (40%), ELE200 (20%), ELE100 (20%), DAT110/DAT120 (10%), ING100/ELE130 (10%).