Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (LNOR165)

Vi lever i ei tekstuell verd! Talet på tekstar og sjangrar har eksplodert i tråd med den moderne medieutviklinga. Sjangermangfaldet er stort, og for å kunne orientere seg i eit samansett samfunn er gode analyse- og sjangerkunnskapar avgjerande. I dette kurset set vi fokus på tekstar av ulike sjangrar og korleis ein skal analysere dei.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024

Fakta

Emnekode

LNOR165

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Sjanger er ein måte å gruppere tekstar på som liknar på kvarandre. I nokre tilfelle er det enkelt å sjangerplassere teksten ein les, i andre tilfelle er det nettopp sjangerbrotet eller sjangerblandingane som gjer teksten interessant, og; kva gjer mediet teksten er formidla gjennom med vår forståing av han? Korleis kan vi lese og analysere tekstar av forskjellig art? Korleis har sjangrane utvikla seg over tid?

Sjanger og medium har mykje å seie for korleis vi les og forstår tekstar. For å bli gode tekstlesarar treng ein analytiske verkty og metodar. Vi les ikkje eit dikt og ein roman på same måten. Eit drama krev at ein nyttar andre tilnærmingsmåtar. God sjanger- og analysekunnskap er naudsynte kompetansar i ein globalisert, moderne mediekvardag.

Utover det er alle tekstar retoriske. Den retoriske utforminga av tekstane skal ikkje oppfattast som ein utvendig kategori som pregar utsjånaden til teksten. Kva er retorikkens meiningsdannande funksjon? Grunnleggjande kunnskapar om - og  i - litterær analyse, retorikk og retorisk analyse skal lærast i løpet av semesteret.

Emnet er delt inn i to delar:

  1. Analyse av skjønnlitteratur
  2. Retorikk og retorisk analyse av ulike typar tekstar

Pensum er sett saman av skjønnlitterære tekstar, innføring i litterær analyse og sjangerteori, litteraturteori og retorikkteori. Hovudvekta ligg på norske og nordiske tekstar, men tekstar frå dei samiske språkområda er også inkluderte.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar og sjangrar frå kvarandre
  • vere kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep
  • ha kjennskap til det retorikken seier om tekstane sine evner til å skape og formidle meining
  • kunne gjere nytte av denne kunnskapen i arbeid med praktisk tekstanalyse

Ferdigheit

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • kunne analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori om den enkelte sjangeren, og med grunnlag i retorikk, semiotikk, litteraturvitskapleg terminologi og metode
  • kunne utvikle ei problemstilling og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling
  • kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte

Generell kompetanse

  • kunne forholde seg til tekstar og sjangrar på ein fagleg måte
  • bruke teoretisk innsikt i tilnærminga til dagens mediesituasjon

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Heimeeksamen

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1 1/2 10 Dagar Bokstavkarakterar Alle
Heimeeksamen 2 1/2 2 Veker Bokstavkarakterar Alle

Utfyllande presisering av eksamensoppgåvene:Heimeeksamen 1- omfang på 1500 ord (+/- 10%)- skal skrivast på nynorsk- tel 50 % av samla karakterHeimeeksamen 2- omfang på 2000 ord (+/- 10%)- skal skrivast på bokmål- tel 50 % av samla karakter

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

innleveringsoppgåve, Minst 75% oppmøte på obligatorisk skriveseminar

75 % obligatorisk skriveseminar, innleveringsoppgåve

Presisering av innleveringsoppgåva:

  • omfang på 1000 ord (+/- 10 %)
  • målform: valfri
  • blir vurdert med greidd/ikkje greidd

Begge vilkåra må vere greidde for at kandidaten kan gå opp til eksamen.

Studentar som får oppgåva vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levera oppgåva på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(er)

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Emneansvarleg:

Ingrid Nielsen

Arbeidsformar

Det faglege arbeidet føregår gjennom førelesingar, seminar, gruppearbeid, rettleiing, sjølvstendige studiar, tekstanalysar og skriveprosessar, og dessutan munnlege og skriftlege øvingar. Det blir oppmoda til kollokvieverksemd.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (NOR165_1) 15
Tekst og sjanger (NOR140_1) 10
Litterær analyse (MNOR140_1) 10
Litterær analyse (NOR140_2) 10
Retorikk, sjangrar og media (NOR160_1) 5
Skjønnlitterære sjangrar (ÅNO140_1) 10

Åpent for

Lektorutdanning for trinn 8-13

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto