Fordjuping i nordisk (LNOR270)

Dette fordjupingsemnet består av ein språkleg del og ein litterær del. I den språklege delen inngår fleirspråklegheit før og no, der ein studerer språkkontakt frå eit historisk sosiolingvistisk perspektiv. Her skal hovudtemaa frå grunnemna - språkstruktur, språkbruk og språkhistorie - byggjast på og nyttast for å utforska dei sosiokulturelle og språklege konsekvensane av møtet mellom norsk og andre språk opp gjennom åra, frå dansk og lågtysk i mellomalderen til engelsk og andre språk i dag. Kunnskap om desse møta, som har lagt grunnen for den fleirspråklege situasjonen i Noreg i dag, er høgst relevant for skulelærarar, folk som arbeider i privat og offentleg sektor og for samfunnsdeltaking generelt, same kva språkleg bakgrunn ein har.

I den litterære delen skal studentane skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosesser i skjeringspunktet med andre mediale former. Studentane skal få kunnskap om mediale overgangar mellom tekst og bilde og tekst og lyd. Slike overgangar og blandingsformar pregar i stor grad vår mediale kvardag i dag. Tekst skal dermed forståast som et multimodalt fenomen.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024

Fakta

Emnekode

LNOR270

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Språkleg del: Emnet omfattar fleirspråklegheit, der ein studerer språkkontakt - hjå fleirspråklege individ og i fleirspråklege samfunn. I emnet inngår historisk sosiolingvistisk analyse, der ein studerer språkhistorisk variasjon og endring. Emnet tek òg for seg korleis det fleirspråklege Noreg i dag kan forståast i lys av møte mellom norsk og andre språk over tid.

Litterær del: I den litterære delen skal studenten skaffa seg kunnskap om tekstuelle endringsprosessar som oppstår i overgang frå ein medieform til ein annan. Kvardagen vår er preget av mange tekstuelle blandingsformar og den 'reine' teksten har i stor grad mista sin dominante posisjon. Litterære (prosa)tekster er i dag ofte utgangspunkt for adaptive prosessar: dei vert filma, sett opp på scenen, omarbeida til teikneserie eller omforma til eit dataspel. Bruken av litterære tekster har forandra seg betrakteleg kvar gang mediale innovasjonar har fått gjennomslag. I løpet av kurset skal de ulike mediale særeigenheiter beskrivast og analyserast. Alle disse diskusjonar skal relaterast til en diskusjon av kva et mulitmodalt tekstbegreip i dag kan være.

Læringsutbytte

Språkleg del

Kunnskap:

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:

  • kjenna relevant teori og terminologi i språkkontaktforsking og historisk sosiolingvistikk
  • ha innsyn i korleis språkkontakt har vore med og forma norsk språk, både i dag og i tidlegare hundreår
  • ha kunnskap om tilhøvet mellom fleire språklege system i kontakt og sosialt styrd variasjon

Ferdigheiter:

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:

  • kunna analysera og vurdera språklege mønster i historisk sosiolingvistisk perspektiv
  • kunna relatera fleirspråklegheit i dagens Noreg til tidlegare sosiohistoriske kontekstar
  • kunna gjera greie for språkendringar og -variasjonar knytte til språkkontakt før og no
  • kunna analysera autentiske historiske tekster i eit språkkontaktperspektiv

Generell kompetanse:

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:

  • gjere greie for fleirspråklegheit som eit breitt og mangfaldig sosiolingvistisk fenomen
  • ha utvikla evna til å drøfte kontakten mellom norsk og andre språk i dag og i tidlegare periodar

Litterær del

Kunnskap:

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:

  • ha omfattande kunnskap om tekst-bilde relasjonar (adaptasjon av litterære tekster til film; teikneseriar; dataspel)
  • ha brei forståing av teoridanninga innanfor feltet.
  • ha allmenn oversikt over den historiske og teknologiske utviklinga innanfor dei valte områda
  • ha innsikt i narrative, retoriske og andre estetiske strategiar som forandrar seg ved de mediale overgangane

Ferdigheiter:

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:

  • kunna fortolka og analysera tekster i samspel med andre mediale utformingar
  • kunna omsetja teoretisk røynsle til praktiske ferdigheiter
  • kunna kritisk vurdera teoretiske konsept
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement
  • kunna arbeide med multimodale tekstformer
  • kunna granska komplekse saksforhold

Generell kompetanse:

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:

  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • kunna overføra fortolkingskompetansen på andre samfunnsområde
  • ha innsikt i tydinga av tekstuelle element i definisjons- og maktspørsmål

Forkunnskapskrav

Andre emnekombinasjonar kan òg godtakast dersom dei har tilsvarande innhald.

Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande). Bachelorstudentar må ha minimum 45 SP nordisk eller tilsvarande på innføringsnivå for å starta på fordjupinga.

Eksamen / vurdering

Skriftleg innlevering og mappeinnlevering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg innlevering 1/2 Bokstavkarakterar Alle
Mappeinnlevering 1/2 Bokstavkarakterar

Innleveringsoppgåva skal være på 2500 ord +/-10%. Mappa består av to innleveringar (1750 ord +/- 10 %). Kvar av desse tel 50 %. Innleveringane og skriftleg oppgave skal skrivast på bokmål dersom fordjupingsoppgåva (LNOR290) blir skriven på nynorsk, men på nynorsk dersom fordjupingsoppgåva blir skriven på bokmål.Begge eksamensdeler må vera bestått for å få samla resultat i emnet.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Tre korte arbeidskrav

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

David Albert Natvig

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Studiekoordinator:

Signe Ekenberg

Studiekoordinator:

Margrethe Melin

Arbeidsformar

Førelesningar, seminar og gruppeoppgåver. Det blir oppfordra til kollokvieverksemd ut over den ordinære undervisninga.

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto