Literacy og læring i digitale omgjevnader (MLE335)

Målet med kurset er å gje ei innføring i korleis digital teknologi er med på å forme literacy som sosial praksis og i spørsmål knytt til læring.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024

Fakta

Emnekode

MLE335

Versjon

2

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Kurset tek utgangspunkt i ei sosial forståing av literacy, slik den er utmynta  i New Literacy studies (NLS) og vidareutvikla for å gripe og forstå nye tekstkulturelle praksisar knytt til den digitale teknologien. Skulen som arena for literacy og læring får særskild merksemd i kurset. Studentane får ei innføring i grunnleggjande idear og metodar i NLS, og dei får høve til å bruke desse ideane og metodane på eit empirisk materiale som blir samla inn i løpet av kurset.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap:

  • kjenne til sentrale idear som ligg til grunn for ei sosial forståing av literacy
  • kjenne til hovudtrekk i utviklinga av digitale tekstkulturar
  • kjenne til hovudtrekk i etnografisk metode

Ferdigheter:

  • kunne gripe og skildre sosiale aspekt ved den digitale tekstkulturen
  • kunne tolke og reflektere over sosiale aspekt ved literacy og læring i digitale omgjevnader
  • kunne reflektere systematisk over endringspotensialet i nye teknologiar for literacy i skulen
  • kunne nytte digitale verktøy for publisering, refleksjon og samarbeid i eige arbeid
  • kunne gjennomføre eit avgrensa empirisk forskingsprosjekt
  • drøfte sentrale fagdidaktiske problemstillingar med utgangspunkt i digitale tekstar for barn og unge, med særleg vekt på elevsamansetning, målet med undervisinga og moglege tilnærmingsmåtar.

Generell kompetanse:

  • vere i stand til å orientere seg i og delta i den digitale tekstkulturen
  • vere i stand til å forstå og reflektere over vilkåra for tilgang til og deltaking i den digitale tekstkulturen i og utanfor skulen
  • vere i stand til å orientere seg i og reflektere over dei teknologiske rammevilkåra for skulen
  • vere i stand til å planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt om literacy og læring i digitale omgjevnader

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Mappe 1/1 7 Veker Bokstavkarakterar Alle

Mappevurdering
• transkripsjon av intervju (ca. 15 min - det inneber ca. 2000 ord)
• utførleg/tolkande skildring av eit digitalt døgn for ein elev (1000 ord +/- 10 %)
• prosjektskisse på 5 sider (2000 ord +/- 10 %). For studentar i fagdidaktiske utdanningsløp skal denne prosjektskissa knytast til det aktuelle skulefaget.

Transkripsjonen må vere etter gitte kravspesifikasjonar for at mappa skal bli godkjend.Karakteren blir fastsett på grunnlag av dei to andre mappetekstane, vekta slik at prosjektskissa tel 2/3 av karakteren.Hugs at emneplanen for MLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen i studiet må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk øvingar
  • Undervegs i arbeidet er det forventa at kandidaten deltek aktivt i diskusjonar på Canvas og andre arenaer for samarbeid som blir nytta i kurset.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Arne Olav Nygard

Studiekoordinator:

Signe Ekenberg

Faglærar:

Atle Skaftun

Arbeidsformar

Førelesingar og seminar, digital publisering, rettleiing

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksisar og læringsformer (MLE320_1) 10
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksiser og læringsformer (MLE335_1) 15

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto