Bacheloroppgave i nordisk (NOR290)

Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum (ca. 650 sider) i samråd med fagleg ansvarleg.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024

Fakta

Emnekode

NOR290

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum (ca. 650 sider) i samråd med fagleg ansvarleg. Framlegg til tittel og problemstilling for bacheloroppgåva og utkast til bacheloroppgåve skal leverast innan oppgjeven frist.

Sidan bacheloroppgåva står sentralt i dette emnet, kan studenten i større grad enn elles sjølv bestemme innhaldet i kurset. Studenten kan fordjupa seg i eit emne og byggja opp spesialkompetanse.

Læringsutbytte

Språkleg del

Kunnskaper

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha skaffa seg kunnskapar om eit nærare avgrensa språkleg spørsmål på grunnlag av ei sjølvstendig undersøking
  • ha tileigna seg relevant teoristoff og kjenna sentrale delar av forskingshistorikken innom emnet for undersøkinga
  • kunna gjennomføra materialinnhenting til undersøking av eit språkleg spørsmål
  • kunna gjennomføra faglege resonnement, prøva ut hypotesar og meistra oppgåveskriving

Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna avgrensa eit språkleg emne for undersøking og oppgåveskriving
  • kunna formulera problemstilling(ar), forskingsspørsmål og hypotesar
  • kunna gjennomføra ei mindre undersøking av eit språkleg emne og presentera resultata i ei oppgåve
  • kunna setja seg inn i relevant faglitteratur og teoristoff som grunnlag for undersøkinga
  • kunna beherska det formelle apparatet i samband med oppgåveskriving, bl.a. fagterminologi, referansar til litteratur og materialpresentasjon
  • kunna skriva korrekt på den valde målforma

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha evne til kritisk tenking og refleksjon over eiga tolking og skriving
  • ha evne til å dra fagleg grunngjevne slutningar basert på innhenta forskingsmateriale
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga

Litterær del

Kunnskaper

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna sjølvstendig analysera litterære tekstar i lys av teoretisk kunnskap. Emnet bygger på et utvida tekstomgrep så som det vert implementert i studiet.
  • ha djuptgåande kunnskap om teoridanninga innanfor eit spesialisert område

Ferdigheter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna formulera ei problemstilling
  • kunna planlegga og strukturera ei større vitskapleg oppgåve
  • kunna anvenda teoretisk tenking til praktiske ferdigheiter
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement i skrivinga av ein lengre vitskapleg tekst

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha samla røynsle i problemløysing av komplekse oppgåver
  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • ha innsikt i kva tekstuelle element kan ha å seia i definisjons- og maktspørsmål
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Bacheloroppgåve 1/1 Bokstavkarakterar

Bacheloroppgåva er ei sjølvstendig vitskapleg undersøking på 7500 ord, +/- 10 %, frårekna referansar, tabellar og vedlegg.Bacheloroppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvara i NOR270 er skrivne på nynorsk, men på nynorsk dersom eksamenssvara i NOR270 er skrivne på bokmål.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Oppgaveseminar 75%, Innlevering av tittel, Innlevering av utkast

Oppgåveseminar med obligatorisk deltaking (75 %). Innlevering av tittel og problemstilling innan gitte fristar. Innlevering av utkast til oppgåve innan gitte fristar. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera godkjende for å få gå opp til eksamen.

Studentar har ikkje krav på nye rettleiingstimar ved nytt eksamensforsøk/nytt opptak.

Studentar som får éi eller begge innleveringane vurdert til ikkje greidd, får moglegheit til å levera inn på ny i omarbeidd form.

Fagperson(er)

Studiekoordinator:

Margrethe Melin

Arbeidsformar

Seminar, oppgåveseminar og individuell rettleiing.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Bacheloroppgave i nordisk (NOR370_1) 15
Bacheloroppgåve i nordisk (LNOR370_1) 15
Nordisk fordjuping med bacheloroppgåve (NOR350_1) 15
Bacheloroppgave i nordisk (UNOR370_1) 15
Bacheloroppgåve i nordisk, Bacheloroppgave i nordisk ( LNOR370_1 NOR370_1 ) 30
Bacheloroppgave i nordisk, Bacheloroppgave i nordisk ( NOR370_1 UNOR370_1 ) 30
Nordisk fordjuping med bacheloroppgåve, Bacheloroppgave i nordisk ( NOR350_1 NOR370_1 ) 30
Bacheloroppgåve i nordisk, Bacheloroppgave i nordisk ( LNOR370_1 UNOR370_1 ) 30
Bacheloroppgåve i nordisk, Nordisk fordjuping med bacheloroppgåve ( LNOR370_1 NOR350_1 ) 30
Nordisk fordjuping med bacheloroppgåve, Bacheloroppgave i nordisk ( NOR350_1 UNOR370_1 ) 30

Åpent for

Ope for alle bachelorstudentar i nordisk språk og litteratur ved IKS, føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt. Ope for fordjupningstudentar i nordisk ved IKS. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søkja opptak til UNOR370. Det akademiske innhaldet i UNOR370 er likt innhaldet i NOR370, men studentane kan velja mellom å bruka bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Det skal vere ein tidlegdialog mellom emneansvarleg, studenttillitsvald og studentane. Formålet er tilbakemelding frå studentane for endringar og justering i emna inneverande semester.I tillegg skal det gjennomførast ein digitalt emneevaluering minimum kvart tredje år. Den har som formål å innhente studentane sine erfaringar med emnet.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto