Emne
Norsk fagdidaktikk del 2 (PPU137)
Fakta
Emnekode PPU137
Vekting (stp) 7.5
Semester undervisningsstart Vår
Undervisningsspråk Norsk
Antall semestre 1
Vurderingssemester
Timeplan Vis timeplan
Litteratur Pensumlisten finner du i Leganto
Introduksjon
Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.
Innhold
Læringsutbytte
Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha
- inngåande kunnskap om kva plass, historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
- inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til det kontinuerlige tolkingsfellesskapet som læreplanen krev
- eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
- avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget
- avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen
Ferdigheiter:
Etter endt studium skal studentane kunne
- reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
- argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
- skrive om norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk fagskriving
- orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis
Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne
- opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Skriftleg heimeoppgåve
Vekt 1/1
Karakter Bokstavkarakterer
Hjelpemiddel Alle
Fagdidaktisk oppgåve:
- Individuell oppgåve som skal vere på 3000-4000 ord.
- Studentane skal levere forslag til problemstilling innan gitte fristar.
- Problemstillinga må godkjennast av faglærar.
- Oppgåva skal ha rettleiing på tekst.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Det obligatoriske kravet er: Godkjend problemstilling for fagdidaktisk oppgåve innan gitt frist og deltaking på tre av fire faglege kafear i løpet av semesteret.
Kjeldehenvising og KI
- Alle innleveringsoppgåver skal vere resultat av studenten sitt sjølvstendige arbeid. Det er studenten sitt ansvar å setje seg inn i reglane for kjeldehenvising.
- Informasjon om kjeldehenvising finst på nettsidene til Universitetsbiblioteket: https://www.uis.no/nb/bibliotek/kilder
- Informasjon om bruk av KI-verktøy i samband med eksamen finst på UiS sine nettsider om eksamen: https://www.uis.no/nb/studentsider/bruk-av-kunstig-intelligens-ki-ved-oppgaveskriving-og-eksamen