Hopp til hovedinnhold

Vårhelsing frå rektor Klaus Mohn

- Det er eit lyspunkt at UiS no blir opna for opp mot 300 studentar som har heilt spesielle behov for tilgang til campus for å sikre progresjon i studia. For alle andre er hovudregelen fortsatt at arbeid, undervisning og studiar skal foregå frå heimekontoret.

Publisert: Endret:
Vårhelsing frå rektor den 27. april 2020.

Innlegget ble fyrste gong publisert den 27. april 2020.

Hei, alle saman. Håpar det står bra til med dykk. Korona-krisa nærmar seg to månadar. Verda rundt oss er kasta om kull. Samfunnet har sakka farten, og Universitetet i Stavanger kan fortone seg nærmast som livlaust.

Men det er berre ved første augekast. For under overflata yrer det av liv. Over alt ser eg bevegelse, utvikling og framgang. At me har lykkast i å halde hjula i gang er noko me verkeleg kan være stolte av. Tilsette og studentar har arbeidd veldig godt for å halde undervisninga ved lag. 

Og no er me på god veg inn i eksamenssesongen, men denne gong utan alvorstunge eksamenslokale, penn og papir – og ikkje minst myndige eksamensvakter. La meg difor nytte høvet til å ønske alle lykke til!

For meg er det eit vemod over at universitetet er stengt. Men samstundes ser eg mange lyspunkt. For eksempel er våren her. Og sola skin. Om ikkje lenge er dette særeigne semesteret bak oss – og då står sommaren for døra.

Elles gler eg meg stort over at fleire studentar enn nokon gong ønsker å studere ved Universitetet i Stavanger. Dermed kan me alle sjå fram til å ønske tusenvis av nye og dyktige studentar velkomne til Universitetet i Stavanger til semesterstart i august. Litt annleis enn tidlegare blir det nok. Men at alle skal kjenne seg velkomne må ingen tvile på.

Vidare er det gledeleg at innsatsen for smittevern no ber frukter. Smittespreiinga er bremsa, både nasjonalt og regionalt. Og om utviklinga fortsetter, så kan epidemien forhåpentlegvis haldast i sjakk til ei vaksine er klar. Eller til mange nok er smitta til at flokkimmunitet er oppnådd. 

Dette kan me takke kvarandre for. For det skyldast nemleg at du og eg og alle andre har vore tru mot politikken. Tenk på det når det buttar imot på heimekontoret, og når lengselen etter studievenar og kollegaar på campus blir sterk. Enkelte hevdar at me er strenge i tilgangen til campusområda våre. Det er ikkje rett. Me har haldt oss til retningslinjene frå regjeringa, og tida som har gått har vist tydeleg at UiS har teke ein posisjon me kan være nøgd med.

Eg vil heller seie at me bør være stolte over at me på godt vis har slutta opp om den nasjonale dugnaden, og slik sett bidratt til at pandemien langt på veg har kome under kontroll.

Samstundes trur alle er einige om at dette ikkje er ein draumesituasjon. Og etter nærmare to månadar med høge restriksjonar for den enkelte har eg stor forståing for at slitasjen kan melde seg. Desto viktigare er det at ein veit å ta vare på kvarandre. Sjå dei som treng deg.

Difor vil eg oppfordre alle til å ta i bruke digitale plattformer til å etablere sosiale arenaar, både med kollegaar og på fritida. Det er langt frå det same som å treffast i levande live, men likevel så mykje, mykje betre enn ingenting.

Eit lyspunkt er det og at UiS no blir opna for opp mot 300 studentar som har heilt spesielle behov for tilgang til campus for å sikre progresjon i studia. For alle andre er hovudregelen fortsatt at arbeid, undervisning og studiar skal foregå frå heimekontoret.

Om smitteutviklinga held fram den gode trenden, kan me og håpe på ei gradvis letting i smitteverntiltaka fram mot sommaren.

I mellomtida ber eg alle om å være tolmodige, og halde fram det gode arbeidet.

Tiltaka er lagt på oss med god grunn, og dei verkar.

Ta vare på deg sjølv, på dine nærmaste - og på oss alle!