Ny start for studentane

Etter eit tøft år for studentane ligg mykje no til rette for ein løfterik semesterstart.

Published Sist oppdatert

Av Klaus Mohn, rektor Universitetet i Stavanger

Sommaren er snart på hell. Rundt oss er grønfargen ikkje lenger like frisk og blomane blir færre. Med vinden kjem dei første lause lauva, kveldane blir mørkare og frukttrea bøygde under børa frå eple og plommer. Etter ferie og fritid, sol og varme, er det eit vemod over at sommaren går mot slutten. Men det finst trøyst. For det er verre ting som går mot slutten. Så utsiktene for hausten er slett ikkje så verst.

Ein lammande pandemi

Covid19-pandemien har ridd oss som ei mare i snart 18 månadar. Økonomi og samfunn er pressa i kne. Viktige delar av næringslivet fekk ein ufrivillig pause, mange har mista jobben og tap av inntekter har lagt ein dempar på investeringar og forbruk i føretak og hushald. Verre er etter alt å døme dei samfunnsmessige verknadane av pandemien, etter som samvitsfulle omsyn til smittevern har hatt ein kvelande effekt på omgangsform og samkvem for oss alle.

Ei gruppe som har merka dette spesielt godt er studentane ved norske universitet og høgskular. Med full eller delvis nedstenging av universiteta har studentane måtta ta til takke med digitalundervisning frå studenthybelen, med skjermen som det viktigaste mediet for læring og fagleg vidareutvikling. Viktige delar av studenttilværet har dermed gått tapt. Dette har skapt ein krevjande situasjon for studentane, med utfordringar knytt til studiar og læring. For dei fleste har situasjonen naturleg nok gitt redusert trivsel, og for enkelte har dette jamvel gitt psykiske helseproblem.

Eit vanskeleg år for studentane

Ei sak er at læringsvilkåra er forverra av at undervisning, gruppearbeid og sjølvstudium no har gått føre seg frå heimen. Sjølv om både tilsette og studentar ved universitet og høgskular har lagt ned ein formidabel innsats for å halde utdanninga i gjenge, slik at progresjonen kunne haldast ved lag for studentane, og at dei ikkje skulle lide meir last enn naudsynt. Og tala så langt tyder på at ein har lykkast. Pandemien har ikkje hindra at studentane har starta studie, dei har følgt undervisning og sjølvstudium, dei har teke eksamenar og dei har sluttført studium. At kvaliteten i høgare utdanning er fullstendig upåverka av pandemien er likevel mykje å håpe på.

Studentane har uansett mista mykje av det studentlivet i vidare forstand skal ha å by på i ein normalsituasjon. Det me alle ser føre oss er at studentane kan møtast og myldre på universitetsområdet, at dei går i flokk og følgje til førelesingar, at dei kan bryne seg på kvarandre i store og mindre grupperom, at dei fyller lesesalane, og ikkje minst at dei yrer i kaféane og i alle andre fellesområde på universitetet. Heldigvis tyder utsiktene på at det er i denne retninga me no beveger oss.

Lyset i tunnelen blir større

Då Noreg blei stengt ned torsdag 12. mars i fjor, var det mange av oss som tenkte at det heile burde være over innan sommaren – i fjor. 17 månadar seinare er pandemien fortsatt ikkje over. Men det nærmar seg, for mykje er annleis enn i fjor. Den viktigaste faktoren er massevaksineringa som grip om seg, og som gjer at lyset i tunnelen blir større for kvar dag som går. Blant alle over 18 år er 85 prosent no vaksinert minst ein gong. Studentane skal få tilbod om drop-in-vaksinering i kommunen der dei studerer, og om ikkje lenge er dei aller, aller fleste av oss fullvaksinerte.

Etter som ein blir betre kjent med utfordringane pandemien skapar, blir det og enklare å bøte på problema. Styresmaktene har gradvis innsett at studentane er ei utsett gruppe, som har måtta tole mykje så langt. Meir merksemd og meir fleksibel tilpassing av smittevernreglar vil no betre kvaliteten på studentane sitt læringsmiljø. Blant anna blir det no lagt opp til at studentane ikkje skal måtte halde 1 meter avstand når dei er på førelesing.

Tilbake til normalen

Alt dette gir ein situasjon som er mykje lysare enn for eitt år sidan, ikkje minst for studentane våre. Ved Universitetet i Stavanger går me varsamt fram, og i smittevernet held me oss sjølvsagt til reglar og retningslinjer. Likevel let det no til at semesterstart om ei veke kan gå av stabelen nærmast på normalt vis. Studentane blir ønska velkomne tilbake til campus, undervisninga blir i alle hovudsak fysisk, kaféar og kaffibarar blir opna og studentane vil kunne nå stadig fleire av dei tilsette i kontora deira på universitetet.

Studentlivet elles vil og vende tilbake til noko som liknar normalen. Etter eit vanskeleg år for fjorårets førstegongsstudentar er det viktig at både dei og årets førstegongsstudentar får ein god start på det nye studieåret. I denne samanheng spelar Fadderuka ei stor og viktig rolle. Difor er eg veldig glad for at Fadderuka går av stabelen 16.-20. august, med festival på campusområdet, og med eit rikt utval av aktivitetar både på universitetet og i sentrum. Med hurtigtesting og koronasertifikat vil studentane få ei tett og ektefølt festivaloppleving, som ein verdifull introduksjon til studentbyen Stavanger, til studentlivet – og ikkje minst til eit motiverande studie ved UiS og andre studiestadar i byen.

Vel møtt, alle saman – til eit godt nytt studieår!