Vitne til slaget i Hafrsfjord – kampane sett frå ein vikingtids gard på Madla

Ved slaget i Hafrsfjord i 872, stod Harald Hårfagre sine styrkar mot fleire småkongar frå dei norske områda. Etter sigeren i slaget, fekk Hårfagre etter tradisjonen samla Vestlandet under si leiing. No skal det markerast under Rikssamlingsjubileet at det er 1150 år sidan desse kamphandlingane fann stad der på sjøen og i strandsona.

Published Sist oppdatert

Madlagården rekonstruert av Arkikon

Av Even E. Bjørdal (Prosjektleiar, forskar og arkeolog ved Arkeologisk Museum, UiS.)

Samstundes er det 50 år sidan den rekonstruerte Jernaldergården på Ullandhaug, reist på tuftene av eit gardsanlegg frå folkevandringstida på 400-500-talet, blei opna av Kong Olav 5. I 2018 vart det utført omfattande arkeologiske utgravingar på Madla, like vest om rekruttskulen med det passande namnet «KNM Harald Hårfagre», der ein fann gjenstandar og spor som kan relaterast til begge desse stadane og tidsperiodane. Det høver såleis godt her og no å fortelje litt om kva vi veit om menneska og garden deira på dette Madla-høgdedraget gjennom jernalderen, frå det fredelege kvardagslivet til den dramatiske dagen då slaget stod om landet si framtid. I samarbeid med Rogaland fylkeskommune, har Arkeologisk museum, UiS nyleg fått laga nokre flotte illustrasjonar av firmaet Arkikon som får godt fram denne «Madlagarden» og utsynet mot slaget, vi håpar lesarane også vil like dei.

Madlagården rekonstruert av Arkikon
"Madlagarden" rekonstruert av Arkikon

Vi kjenner til fleire gardstun frå vikingtida rundt Hafrsfjorden, både i Stavanger og i Sola kommune. «Madlagarden» skil seg ut ved at han utvilsamt var busett akkurat på denne tida mot slutten av 800-talet, og at ein her hadde panoramautsyn til skipa som støytte saman i strid. Var du heime på «Madlagarden» i 872, kan du ikkje ha gått glipp av slaget. Vi veit ikkje om nokon frå garden deltok aktivt i slaget, anten som krigar eller «sponsor» av andre krigsmenn. Kan kampane ha gått føre seg på land i nærleiken, ved stranda eller i skråninga ned mot Møllebukta? Det får vi nok ikkje vite, men utgravinga i 2018 påviste iallfall ingen teikn på at «Madlagarden» var blitt øydelagt eller brent ned på dette tidspunktet. Gardsdrifta synest å ha fortsatt uforstyrra frå 800-talet og fram til ei fråflytting i løpet av 1000-talet. Kva som så skjedde med busetnaden her ved inngangen til mellomalderen er uavklart, men det kan vere at ein no har forflytta seg til dei historisk kjende gardane/klyngetuna i nærområdet, ei buform som vart halde ved like fram til moderniseringa av jordbruket på 1800-talet.

Så, vi veit når han forsvann, men korleis oppstod «Madlagarden»? Vel, det har vore attraktivt å bu på høgdedraga langs Hafrsfjorden heilt sidan det første jordbruket slo gjennom i regionen mot slutten av steinalderen og byrjinga av bronsealderen, for om lag 6000 år sidan. Den klare gardstrukturen, med fleire langhus, ein del småbygningar og gardsplassar, slo for alvor gjennom i romartid og folkevandringstid, frå 100-talet av. Utgravinga i 2018 viste at i fleire hundre år fanst det to langhustufter, plassert parallelt ovanfor kvarandre på liknande vis som for Jernaldergården på Ullandhaug. Ja, dette er å rekne som naboar til «Ullandhaug-bonden», ættene som heldt til her må ha visst om kvarandre og hatt mykje med kvarandre å gjere i denne tidsperioden. Funn av mellom anna ein gullring og forgylte draktknappar frå 500-talet på «Madlagarden», viste at dei som styrte her var av god sosial status, men truleg ikkje i høvdingsjiktet. På same vis som for mange andre gardar i Rogaland på 500-600-talet, synest «Madlagarden» å ha blitt råka av ei endringstid, moglegvis med fråflytting i ein periode. Det er foreslått fleire grunnar til denne utviklinga mot ein «øydegardsperiode», mellom anna pest, klimaendringar/uår og endringar i både makttilhøva i samfunnet og for handelsnettverk med utlandet. Men, eit interessant trekk som framgår av materialet frå utgravinga i 2018, er at denne nedgangstida tek slutt relativt raskt og at ein allereie på slutten av 600 – talet eller tidleg på 700 – talet på ny har fått drift i gardsbusetnaden. «Madlagarden» var tilbake på beina – og snart skulle vikingtida kome, med nye, store hendingar.

Illustrasjonane er laga av Arkikon

Nokre arbeidsbilete frå 2018:

Madlagården tatt med drone

Dronebilete av Madlagarden. Foto: Arkeologisk Museum, UiS

Utgraving på Madlagården 2018

Arbeidsbilete. Foto: Arkeologisk Museum, UiS

Utgravingene på Madla 2018

Oversynsbilete. Foto: Arkeologisk Museum, UiS

Utgravingane på Madla 2018

Arbeidsbilete. Foto: Arkeologisk Museum, UiS

Oversikt over husene ut fra innmålingsdata

Arkeologisk dokumentasjon. Figur: Arkeologisk Museum, UiS

Trykk her for å komme tilbake til frá haug ok heiðni