frá haug ok heiðni: Frå redaksjonen

Velkommen til nye "frá haug ok heiðni" som du no finn på nett.

Published Sist oppdatert

Logo: Fra haug ok heidni

Frå 2022 skal frá haug ok heiðni vere ei hybrid av artiklar på nett og ei fysisk årbok som ein kan bla i. Nettartiklar skal publiserast i tre slepp gjennom året, og på slutten av året blir mange av desse samla i årboka. Her får me også med direktøren si oppsummering av året. Årbokserien blir gitt ut av museet sitt eige forlag. Omlegginga kjem dels grunna eit generasjonsskifte på museet, og dels fordi den nye mediekvardagen i stor grad er digital. Me håper at det nye formatet gjer artiklane meir tilgjengelege. 

Den 62. årgangen av frá haug ok heiðni i 2021 var slik den siste som fysisk Tidsskrift for Rogalands arkeologiske forening. Foreininga blei stifta samstundes med tidsskriftet i 1960 for å finansiere trykkinga med medlemskontingent. I seinare år har medlemsmassen minka, og museet har no vedteke å oppløyse foreininga. Sjølv om dette var ei vanskeleg avgjersle, er det ei naturleg følgje av omlegginga. frá haug ok heiðni skifter med dette også undertittel til Arkeologi i Rogaland. 

Den nye redaksjonen har stor respekt for det arbeidet som er lagt ned av redaksjonar og artikkelforfattarar gjennom over 60 år. Me vil gjere vårt aller beste for å bringe denne arva vidare. I år feirer me Rikssamlingsjubileet 2022, med hovudfeiringar ved Karmsundet og Hafrsfjorden. I samband med dette ønsker me å presentere klassiske artiklar om temaet som før har stått på trykk i frá haug ok heiðni, og å løfte fram nyare arkeologisk forsking særleg om vikingtid, Avaldsnes og Hafrsfjorden. 

Av dei klassiske artiklane, har me vald ut artiklar knytt til temaet. Men det har også vore ein tanke å heidre avlidne arkeologar som har vore viktige både for tidsskriftet og museet. Odmund Møllerop og Arne Skjølsvold stifta i si tid tidsskriftet, og særleg Møllerop skreiv som redaktør mykje av stoffet sjølv. Bjørn Myhre formidla viktig forsking her gjennom ei lang karriere. Per Haavaldsen er eit godt døme på ein arkeolog i felt som gjennom fleire tiår jamleg skreiv om nye undersøkingar i frá haug ok heiðni. Artiklane er supplerte med korte kommentarar frå forskarar som i dag arbeider på museet. 

Mange artiklar frå tidlegare årgangar har framleis stor aktualitet, og me har i nettversjonen høve til å løfte fram også eldre artiklar. Det digitale formatet gir også større rom for å vise lesaren vidare til ytterlegare informasjon om stader, gjenstandar og tema som er omtala i artiklane. Dette trur me vil gjere stoffet meir levande for ei større lesargruppe. Me har og som mål at den fysiske årboka skal bli ei flott julegåve til alle som har interesse av å lære noko nytt om Rogaland si eldste historie. 

Til sist må me få med at ein samstundes med Rikssamlingsjubileet også feirer 50-årsjubileum for Jernaldergården. Det minste huset på Jernaldergården var ferdig rekonstruert til kong Olav sitt besøk i 1972 (sjå frá haug ok heiðni 1972 nr. 2). I fjor blei dette huset reist på nytt, klar for det store jubileet. Rikssamlingsjubileet 2022 er koordinert av Rogaland fylkeskommune, med kommunane Stavanger, Sola, Haugesund og Karmøy som vertskap for hovudarrangementa i juni. I løpet av jubileumsåret skal Arkeologisk museum vise ei ny utstilling og halde fleire større og mindre arrangement for publikum. 

I redaksjonen:
Håkon Reiersen (redaktør), Hilde Fyllingen, Theo Gil, Grethe Moéll Pedersen, Ingund Svendsen, Anniken Celine Berger, Linn Lillian Eikje Ramberg (i permisjon)
Ønsker du å ta kontakt med redaksjonen, send en epost til redaktør Håkon Reiersen: hakon.reiersen@uis.no