Kunstutstilling: Technological Twilights

Når ein tidsepoke – og ein teknologisk era – er over, finn arkeologane restar som er att.

Published Sist oppdatert
Arild Våge Berge

No er me på ny i skumringstimen. Verda hungrar etter nye og fornybare energikjelder. Oljeplattformar, riggar, skip og underleverandørar til oljenæringa har ei avgrensa livstid, og mange bedrifter er i rask og drastisk omskifting. Mykje av kunnskapen som kjem frå oljeindustrien lever vidare. Men kva med tinga, bygga og infrastrukturen?  


Igjennom samtalar og møte med menneske og stadar knytt til industrien har eg samla inn materiale og bygd opp eit arkiv. Eg utsett materiala for tekniske inngrep som sliping, pulverisering og kutting, og slik dannar arkivet grunnlag for ei rekkje kunstverk som spekulerer i fråværet av ein industri som har endra verda og måten me lev på

Arild Våge Berge

Arild Våge Berge utforskar i Technological Twilights kva som vil vera att etter oss og vår tid. Kva prosessar bidreg til forfall, rust, morkning, ruin? Gjennom utforsking av materielle nedbrytingsprosessar skaper han med sitt kunstnariske blikk eit poetisk tankeeksperiment som opnar for spekulasjon om kva framtidsarkeologane vil finna etter oss. Korleis vil musea i framtida stilla ut denne kulturarven? Korleis vil den norske oljealderen bli vekta samanlikna med teknologiar frå andre epokar når den store historia eingong blir skriven på ny? 

Arild Våge Berge (f. 1983, Volda) jobbar med fotografi, skulptur og tekstar. Han utforskar tematikk rundt arkiv, teknologisk utvikling, landskap og ulike tidsperspektiv. Dei kunstneriske metodane han nyttar er å bearbeide gjenstandar og omdefinere relasjonar mellom bilete, dokumenter og objekt i lys av subjektive opplevingar og konseptuelle aspekt. Berge fullførte Mastergrada i kunst ved Kunstakademiet – Institutt for Samtidskunst, ved Universitetet i Bergen i 2017. 

Utstillinga opnar 25. mars og varer ut året.