Frå Steffens til Stavanger Urban

Torsdag 6. oktober 2022 kl. 16:30-18:30,
Stavanger kunstmuseum.

Haustens andre Steffens-salong handlar om Henrik Steffens som pedagogisk inspirasjonskjelde

Published Sist oppdatert

Collage med portretter av en kvinne og to menn
Henrik Steffens, Vibece Salthe og Geir Bakken

Rektor på nyvinninga Stavanger Urban Folkehøgskole, Geir Bakken, kjem til Steffens-salong for å fortelja om Henrik Steffens som inspirasjonskjelde for skulen. Steffens hadde stor påverknad på danning og utdanning i Danmark–Noreg gjennom sin fetter N.S.F. Grundtvig, som blir rekna for folkehøgskolens far. Stavanger Urban Folkehøgskole skal arrangera årlege Steffens-seminar, og Bakken vil også nytta høvet til å få innspel frå publikum om tema for desse.

Born og kunstnar sitt på eit golv og lagar kunst saman
Imogen Cunningham, Ruth Asawa, Sculptor, and Her Children, 1957. © 2022 Imogen Cunningham Trust. Artwork © 2021 Ruth Asawa Lanier, Inc. / ARS, NY and DACS, London. Courtesy David Zwirner

Det vil bli servering av suppe før føredraget, og etterpå vil kurator Vibece Salthe gje ei omvising i den nye utstillinga Ruth Asawa – Citizen of the Universe. Kunstnaren Asawa var oppteken av at barn måtte få møte kreative fag i skulen, lenge før slike fag blei vanleg. Ho la vekt på nærleiken mellom kunsten og livet og via store delar av karrieren til å arbeide med undervisning.

Arrangementet er eit samarbeid mellom UiS og Stavanger kommune og er gratis for publikum.
Me inviterer til suppe frå klokka 16.30. Føredraget startar kl. 17.00.

Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangera ein serie slike salongar fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023.

Vibece Salthe er fotografert av Erik Sæter Jørgensen