Steffens-salong: mennesket og naturen

Onsdag 3. mai 2023 kl. 18:00-19:00,
Stavanger maritime museum.

På sporet av antropocen med Henrik Steffens

Published Sist oppdatert

Velkommen til fødselsdagssalong på Stavanger maritime museum, Henrik Steffens fødestad! Dagen etter 250-års jubileet for Steffens' fødsel blir det feiring med internasjonalt besøk og ein storarta hyllest av Stavangers store bysbarn.

Meld deg på her. Arrangemenet er gratis og opent for alle.

Naturforskaren Henrik Steffens vaks opp i ei verd som trass i store sosiale og vitskapelege framskritt i aukande grad blei forbunde til ei erfaring av fragmentering, framandgjering og meiningsløyse. Slik kan vi seie at litteraturen og vitskapen i den romantiske perioden framkallar erindringar om notida sine erfaringar av å leve i antropocen – menneskets tidsalder. I denne nye epoken blir menneskets makt over naturen alltid følgt av ei avmakt når det gjeld å ta hand om dei promblema som oppstår i kjølvatnet av menneskets framferd og ambisjonar.

I foredraget presenterer Jesper Lundsfryd Rasmussen, postdoktor ved Københavns Universitet, Steffens' antropologi frå 1822, og forklaringa hans på kvifor mennesket så ofte mislykkast i forsøket sitt på å oppnå sjølverkjenning og skape framskritt gjennom å beherske naturen. Foredraget tar dermed sikte på å vise korleis Steffens kan føre oss på sporet av ei betre forståing av vår eiga tid og livet i menneskets tidsalder.

Collage med portrett og bilde av statue
I begynnelsen av mai er det 250 år sidan Henrik Steffens vart fødd i Stavanger

Seinare i haust skal jubileet også markerast med ein større konferanse med nasjonale og internasjonale gjestar.