Hopp til hovedinnhold

Akademisk skriving

Å skrive akademisk er noko du må lære deg som student. Her finn du nyttig informasjon og ressursar som hjelper deg med oppgåveskrivinga.

Publisert: Endret:

Kva er akademisk skriving?

Akademisk skriving kjenneteiknar måten å skriva på i høgare utdanning. Det inneber bestemte krav til form, innhald, språk og stil. Måten å skriva akademisk vil variera ut frå kva du studerer, men det er nokre fellestrekk.

Ivrig student i biblioteket

Akademisk skriving kjenneteiknast av at du skal:

  • undersøka og drøfta eit fagleg spørsmål eller ei problemstilling
  • tenka kritisk og analytisk
  • argumentera for og begrunna påstander
  • visa fagleg vurderingsevne og refleksjon
  • bruka relevant faglitteratur aktivt og på ein sjølvstendig måte
  • følgja formelle krav om oppsett, struktur og referanseteknikk​

Kvifor læra seg å skriva akademisk?

Når du seinare skal ut i arbeidslivet kjem du inn i eit fagmiljø kor du er forventa å delta. Alt etter om det er på ein lab, eit sjukehus, ein skule, eit advokatfirma, ein bank eller eit byggefirma så har bedrifta ein bestemt sjargong innad. Det vil seia måtar å uttrykka seg på, ord og fraser som blir brukt og formuleringar som er vanlege. For at du skal kunne delta i den faglege samtalen i bedrifta er det derfor veldig nyttig å øva seg på dette medan du er student.

I tillegg til å kunne delta i yrkeslivet vil akademisk skriving også hjelpa deg til å kunne delta meir aktivt i vårt demokratiske samfunn. Dette er fordi akademisk skriving krever evne til å kunne tenka kritisk, argumentera, drøfta, og å sjå ei sak frå fleire sider. Dette er eigenskaper som er særleg nyttige i dagens samfunn kor me må forholda oss til stadig ny informasjon.

Nyttige lenker

Læringsstøttesenteret

Lese- og skrivevanskar? Vi kan hjelpe!

Studieverkstedet

Hjelp til oppgåveskriving frå studentmentorer ved biblioteket

Akademisk skriving i Canvas

Tips og råd om struktur, drøfting, problemstilling og meir

Oppgaveskriving

Informasjon om kjeldebruk og meir som hjelper deg til å levere ei så god oppgåve som mogeleg.

Podkasten om akademisk skriving

Podkast om om akademisk skriving og studiemeistring

Referansar og kjeldar

Korleis og kvifor refererer eg? Her finn du informasjon som gir deg svar på desse spørsmåla.

Søk og Skriv

Hjelp til litteratursøk, skriveprosessen og etiske krav til akademisk skriving og meir

VIKO

Interaktivt kurs om informasjonssøking og oppgåveskriving