Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (NOR165)
Vi lever i ei tekstuell verd! Talet på tekstar og sjangrar har eksplodert i tråd med den moderne medieutviklinga. Sjangermangfaldet er stort, og for å kunne orientere seg i eit samansett samfunn er gode analyse- og sjangerkunnskapar avgjerande. I dette kurset set vi fokus på tekstar av ulike sjangrar og korleis ein skal analysere dei.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
NOR165
Versjon
1
Vekting (Sp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Sjanger er ein måte å gruppere tekstar på som liknar på kvarandre. I nokre tilfelle er det enkelt å sjangerplassere teksten ein les, i andre tilfelle er det nettopp sjangerbrotet eller sjangerblandingane som gjer teksten interessant, og; kva gjer mediet teksten er formidla gjennom med vår forståing av han? Korleis kan vi lese og analysere tekstar av forskjellig art? Korleis har sjangrane utvikla seg over tid?
Sjanger og medium har mykje å seie for korleis vi les og forstår tekstar. For å bli gode tekstlesarar treng ein analytiske verkty og metodar. Vi les ikkje eit dikt og ein roman på same måten. Eit drama krev at ein nyttar andre tilnærmingsmåtar. God sjanger- og analysekunnskap er naudsynte kompetansar i ein globalisert, moderne mediekvardag.
Utover det er alle tekstar retoriske. Den retoriske utforminga av tekstane skal ikkje oppfattast som ein utvendig kategori som pregar utsjånaden til teksten. Kva er retorikkens meiningsdannande funksjon? Grunnleggjande kunnskapar om - og i - litterær analyse, retorikk og retorisk analyse skal lærast i løpet av semesteret.
Emnet er delt inn i to delar:
- Analyse av skjønnlitteratur
- Retorikk og retorisk analyse av ulike typar tekstar
Pensum er sett saman av skjønnlitterære tekstar, innføring i litterær analyse og sjangerteori, litteraturteori og retorikkteori. Hovudvekta ligg på norske og nordiske tekstar, men tekstar frå dei samiske språkområda er også inkluderte.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
- ha kunnskap om og kunne gjere greie for kva som kjenneteiknar og skil ulike tekstar og sjangrar frå kvarandre
- vere kjend med sentrale analyseteoretiske og metodiske omgrep
- ha kjennskap til det retorikken seier om tekstane sine evner til å skape og formidle meining
- kunne gjere nytte av denne kunnskapen i arbeid med praktisk tekstanalyse
Ferdigheit
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
- kunne analysere og tolke tekstar i ulike sjangrar, ut frå teori om den enkelte sjangeren, og med grunnlag i retorikk, semiotikk, litteraturvitskapleg terminologi og metode
- kunne utvikle ei problemstilling og skrive ein analyse i samsvar med grunnleggjande krav til vitskapleg framstilling
- kunne handtere sekundærlitteratur, teori og referansar på ein fagleg god måte
Generell kompetanse
- kunne forholde seg til tekstar og sjangrar på ein fagleg måte
- bruke teoretisk innsikt i tilnærminga til dagens mediesituasjon
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Heimeeksamen
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Heimeeksamen 1 | 1/2 | 10 Dagar | Bokstavkarakterar | Alle |
Heimeeksamen 2 | 1/2 | 2 Veker | Bokstavkarakterar | Alle |
Utfyllande presisering av eksamensoppgåvene:Heimeeksamen 1- omfang på 1500 ord (+/- 10%)- skal skrivast på nynorsk- tel 50 % av samla karakterHeimeeksamen 2- omfang på 2000 ord (+/- 10%)- skal skrivast på bokmål- tel 50 % av samla karakter
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Presisering av innleveringsoppgåva:
- omfang på 1000 ord (+/- 10 %).
- målform: valfri
- blir vurdert med greidd/ikkje greidd
Begge vilkåra må vere greidde for at kandidaten kan gå opp til eksamen.
Studentar som får oppgåva vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering, har høve til å levera éi eller fleire av oppgåvene på nytt i omarbeidd form.
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Ingrid NielsenFaglærar:
Hadle Oftedal AndersenStudiekoordinator:
Margrethe MelinArbeidsformar
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse (LNOR165_1) | 15 |
Tekst og sjanger (NOR140_1) | 10 |
Litterær analyse (MNOR140_1) | 10 |
Litterær analyse (NOR140_2) | 10 |
Skjønnlitterære sjangrar (ÅNO140_1) | 10 |
Retorikk, sjangrar og media (NOR160_1) | 5 |
Åpent for
Ope for alle bachelorstudentar og årskursstudentar i nordisk ved IKS. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.
Internasjonale studentar kan søke opptak til UNOR165 Tekst og tolking. Det akademiske innhaldet i UNOR165 er likt innhaldet i NOR165, men studentane kan velje mellom å bruke bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søke opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.