Norsk trinn 5-7 (MGL1220)

Emnet utgjer den andre delen, 15 studiepoeng av obligatorisk Norsk 1, som saman med MGL1120 gir 30 studiepoeng. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur og litteraturfag og ein arena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike modalitetar og sjangrar frå fortid og samtid.

MGL1220 gir studenten ei grunnleggande innføring når det gjeld norskundervisning i barneskolen, og legg særleg vekt på trinna 5-7. Studenten får innføring i sentrale arbeidsområde i norskundervisninga for desse trinna, og blir sett i stand til å gjere fagdidaktiske val og vurderingar både når det gjeld vidare lese- og skriveopplæring og arbeid med munnleg og skriftleg språkutvikling og forståing-, oppleving og kritisk utforsking av ulike typar tekstar.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

MGL1220

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Norsk 1-7 15 + 15 stp

Faget i utdanninga

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i relasjon til samfunns-utviklinga.

Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.

Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv - estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske - skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1-7 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.

Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-7.

Norsk 1 (30 sp)

Norsk 1 gir eit første grunnlag for norskundervisning på trinn 1-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på syntaks, tekstgrammatikk og argumentasjonslære
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar skriftlege tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på litteratur for elevar på mellomtrinnet
  • har brei kunnskap om metodar i lese- og skriveopplæringa på mellomtrinnet
  • har kunnskap om nasjonale prøver, og om læremiddel trinn 5.-7., digitale og andre

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje skriftleg språkutvikling for alle elevar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med skriftlege tekster i ulike medium
  • kan bruke ulike metodar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
  • kan undervise elevar i begge målformer
  • kan vurdere norskfaglege læringsressurssar 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne for 5.-7. trinn og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis på 5.-7. trinn med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • kan skrive akademiske tekstar med tilvisingar og litteraturliste

Forkunnskapskrav

MGL1120 Norsk trinn 1-4

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Individuell heimeeksamen 1/1 1 Veker Bokstavkarakterar Alle

Det totale omfanget skal vera 4000 ord (akseptabelt avvik +/- 10 %). Oppgåva skal skrivast med linjeavstand 1,5. Figurar og tabellar kan koma i tillegg til det oppgitte omfanget. Målform: Nynorsk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering av fagtekst på nynorsk, Eit praksisopplegg som blir presentert skriftleg. Munnleg presentasjon av prakssigjennomføringa., Obligatorisk undervisning

Obligatoriske arbeidskrav

Arbeidskrav som må vere godkjende for å gå opp til eksamen:

  1. Innlevering av fagtekst på nynorsk.
  2.  Eit innlegg i ein nettdebatt på Canvas, samt replikk til eit anna innlegg. 
  3. Eit praksisopplegg som blir presentert skriftlig, med vekt på planlegging, gjennomføring og refleksjon. Munnleg presentasjon av praksisgjennomføringa.

Studenter som får én eller flere av arbeidskravene vurdert til ikke-godkjent ved første innlevering, gis mulighet for én ny innlevering av oppgaven(e) i bearbeidet form.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar

Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Eli Flatekval

Studiekoordinator:

Jørgen Jakobsson

Praksiskoordinator:

Ivar Bjørnsen

Faglærar:

Åsmund Hennig

Emneansvarleg:

Åsmund Hennig

Praksiskoordinator:

Kitty Marie Garborg

Arbeidsformar

Arbeidsmåtar i Norsk 1 vil vere førelesningar, seminar, gruppearbeid, individuelt arbeid og oppgåveskriving. Praktisk-estetiske arbeidsmåtar blir trekt inn på emneområde som ligg til rette for det, for eksempel norsk munnleg.

Praksis

Studentane skal ha 3 veker med praksis dette semesteret.

Åpent for

Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig masterprogram

Emneevaluering

Emnet har fagutval der 2 studentar er representert. Tidlegdialog skal gjennomførast kvart semester og sluttevaluering slik kvalitetssystemet ved UiS tilseier.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto