Hopp til hovedinnhold

Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk

IGIS utdannar grunnskolelærere og tilbyr idrettsstudiar, samt masterutdanning i spesialpedagogikk. Instituttet har også eit rikt tilbod innan etter- og vidareutdanning.

Publisert: Endret:
Fakta
Studentar

1000

Tilsette

86

Stipendiatar

9

Finn oss

Vi held til i Hulda Garborgs hus

Norge trenger mange dyktige lærere i årene som kommer. Vebjørn er på god vei til å bli en av dem!
IGIS held til i Hulda Garborgshus på campus Ullandhaug.

Ved Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS) arbeider vi med undervisning, forsking og formidling innanfor lærarutdanning, spesialpedagogikk og idrett.

Instituttet har fleire studieprogram som dekkjer både master- og bachelornivå, samt etter- og vidareutdanning.

Vi har eit omfattande forskings- og utviklingsarbeid knytt til utdanningsområda våre, der kjerneområda er pedagogikk, fagdidaktikk, spesialpedagogikk og idrettsvitskap. Gjennom kunnskap, kompetanse og praksiserfaringar ønsker vi å ruste studentane våre best mogleg til å møte arbeidslivet.

Vi samarbeider tett med praksisfeltet og arbeidslivet gjennom ulike partnarskapsavtalar, og er ein stor regional aktør i vidareutdanning og i kompetanseutvikling i skulen. Dette skjer mellom anna gjennom DEKOM-arbeidet (desentralisert ordning for lokal kompetanseutvikling).

Instituttet sine forskarar samarbeider med andre miljø ved UiS, har sentrale roller i norske nettverk og har eit internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid med institusjonar i ei rekke land.

Dette kan du studere ved IGIS

Instituttet tilbyr masterutdanning innanfor grunnskole, spesialpedagogikk og idrett. I tillegg kan du ta bachelor i idrett (med spesialisering i personleg trenar eller friluftsliv) og årseining i kunst og handverk, idrett og drama.

Vi utdannar grunnskulelærarar for trinn 1-7 og trinn 5-10, og har ansvar for mastergrad i spesialpedagogikk. Som valfag tilbyr vi kjernefaga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og naturfag, i tillegg til drama, kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk, KRLE og digital didaktikk på barnetrinnet.

Vi tilbyr også utdanning innan fagområdet idrett, der du lærer meir om folkehelse, friluftsliv og kroppsøving. Idrettsvitenskap kan du ta som bachelorgrad, mastergrad og årsstudium.

 I tillegg kjem årsstudium i drama og kunst og handverk.

Sjå alle studietilboda ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk.

Gode grunnar til å bli lærar

Det pedagogiske fagområdet har relevans for arbeid med utdanning, kompetanse- og kunnskapsutvikling innan mange sektorar i samfunnet.

  • Du får ei allsidig utdanning som gjer deg til ein attraktiv jobbsøkar. Ute i skulen ventar ein variert arbeidsdag, i ein trygg jobb med god startløn.
  • Du får eit givande yrke, der du får vere med på  å ta vare på det som skal vere dei kloke hovuda i framtida. Som lærar tar du del i eit viktig samfunnsoppdrag! 
  • Som lærer i grunnskolen vil du få mange og varierte oppgåver der du får brukt mange sider av deg sjølv. Læraryrket er spanande og krevjande, men aldri kjedeleg!
  • Ikkje bare fører masterutdanninga til at startløna for lærarar aukar, men du kan også få sletta deler av studielånet ditt.

Forsking ved IGIS

Lærarutdanningane ved Universitetet i Stavanger skal vere forskingsbaserte og av høg kvalitet. Mange tilsette frå fleire fagområde deltek i forsking om læraren si kunnskap om undervisning og om korleis læring skjer. Vi satsar på profesjonsretta forsking, der vi jobbar med å styrke og stimulere til auka lærarutdanningsrelevant og praksisnær forsking.

Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i strategiske programområde, som går inn som del av den samla forskingsportefølja ved fakultetet, i likskap med programområda ved dei andre institutta og på forskingssentra og ph.d.-programma i utdanningsvitskap og lesevitskap.

Dei to programområda ved instituttet er:

UiS-forskarar har lange tradisjonar for å forske på lærarar sin profesjonskunnskap og undervisningskunnskapen deira. No fokuserer dei på undervisning med mål om å bidra til å utvikle undervisningspraksis, til beste for både lærarar og elevar. I programområdet utforskar dei mellom anna korleis Lesson Study kan bidra til utvikling av undervisningspraksis i skule og utdanning. Dei rettar også merksemda mot korleis syklusar med øving og utprøving kan bidra til å betre førebu grunnskulelærarstudentar på praksisstudiet ute i skulen.

Korleis forstår, erfarer og praktiserar elever, lærarar, skuleeigarar og forskarar demokrati og medborgarskap? Og korleis blir det arbeida med det tverrfaglege temaet “demokrati og medborgarskap”, både innan og på tvers av fag i grunnskulen, vidaregåande og i lærarutdanninga? Programområdet rommar også refleksjonar rundt, og arbeid med, lokale, nasjonale og globale politiske føringar og dokument, og kritiske perspektiv på kva demokrati og medborgarskap inneber.

Forsking innan idrett og matematikk

Instituttet har også eit aktivt miljø som forskar på matematikkundervisning og utvikling av matematikklærarar. Dei har også vore sterkt involvert i forsking knytta til Lesson Study gjennom Teachers as Students-prosjektet (korleis lærarstudentar utviklar kunnskap, dugleik og kompetanse som dei treng som framtidige lærarar), og i samarbeid University of Malawi driv UiS eit prosjekt for å utvikle kvaliteten og kapasiteten ved matematikklærerutdanninga i Malawi.

Fagmiljøet i Idrett/idrettsvitenskap er ei lita faggruppe med eit bredt nedslagsfelt, som bidrar aktivt i fleire sentrale fagområde. Faggruppa bidrar til forsking knytt til toppidrett, der problemstillingane er kopla til følgjande tema: Fysisk prestasjonsevne, treningsbelastning, bevegelsesanalyse og biomekanikk, prestasjonspsykologi og coaching. 

Innan friluftsliv arbeider vi med friluftslivet sine verdiar og rolle i det norske samfunnet, og vi har tatt friluftslivrettleiing inn i utdanning. Forskinga fokuserer på kroppsøvingslæraren si profesjonsutvikling, kroppsøvingsdidaktikk og læringsiljø i kroppsøving. Hovedfokus i mastergraden er retta mot sentrale faktorar knyttet til læring av og prestasjonsutvikling i idrettslege aktivitetar, og masterstudentar vert kopla på forskingsprosjekt ved instituttet. I tillegg forskar vi på fysisk aktivitet og helse, både i og utanfor skulen. I eit samarbeid med Stavanger kommune blir det også gjennomført ei offentleg doktorgrad om fysisk aktiv undervisning.

Andre viktige stikkord for forsking ved instituttet er inkluderande pedagogikk og praksis, klasseromsforsking (elevar sine læringsprosessar i klasserommet), litteraturdidaktikk, lesevitskap, norskdidaktikk, norsk som andrespråk, lærarar sin profesjonskunnskap, Lesson Study som arbeidsmetode, rettleiing, berekraftig utvikling og utdanning, livslang læring, digital kompetanse, digital didaktikk og historie (oljehistorie, migrasjonshistorie).

Programområder for forskning

Didaktisk Digitalt Verksted - DDV

Arenaer vi samarbeider på

Kontakt

51833474
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Instituttleder
51833085
Administrasjon IGIS
Kontorsjef

Du er kanskje også interesert i:

Framtidsrettet og pedagogisk bruk av AR-teknologi i grunnskolen

I et av prosjektene i Dekom sør arbeider Paolo Scarbocci og Morten Bergsten Njå med ny teknologi og digitale verktøy i b...

Med teksten i fokus

Professor Hanne Egenæs Staurseth arbeider i Dekom region midt med å legge til rette for en mer kompleks leseforståelse.

«En styrke når et helt kollegium sammen tar praksislærerutdanningen»

En av Universitetsskolesatsingens nye praksislærere forteller om utdanningen og hva neste steg i prosjektet blir.

Et glimt av ‘den draumen me ber på’

UiS og universitetsskolen Lunde skole har nylig testet praksisnær campusundervisning på Hundvåg.

Storevarden ny universitetsskole

Storevarden skole på Sola har lang erfaring som praksisskole, men kan nå også titulere seg universitetsskole. En entusia...

Ble sendt til Malawi for å ta praksis

Lærerstudenter ved UiS fikk forrige semester oppleve en litt annerledes praksisperiode enn de er vant med. De fikk være ...

Ti gode grunner til å bli grunnskolelærer

«Er det veldig komplisert matte hvis du skal bli lærer?». «Hva er lønnen?». Det var noe av det elevene ved St. Svithun v...