Skulens tekstar, med FoU-oppgåve (MGL1321)

Emnet tilbyr historisk oversikt og gir god kunnskap om sentrale språklege og litterære tema. Emnet gir djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet. Gjennom fokus på vitskapsteori, metode og utvalde norskfaglege teoriar, får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne ferdigheiter og sin eigen formidlingsevne og kompetanse knytte til faget, og norskfagleg arbeid i skulen.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta

Emnekode

MGL1321

Versjon

1

Vekting (stp)

15

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og skrivekompetanse, noko som er grunnlag for ulike faglege diskusjonar. Arbeid med språk og tekstar vil gi studentane kunnskapar om relevante teksttypar og tekstkulturar, slik at dei kan rettleie og motivere alle elever ut frå behova hos den einskilde eleven. Emnet vil også formidle kunnskapar om eleven sitt møte med den litterære teksten og om litteratære og litteraturdidaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin litterære kompetanse, faglege kunnskap og kulturforståing. Studentane vil vidare bli utfordra til å sjå norskfaget innanfor ein internasjonal og global kontekst.

Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eit norskfagleg perspektiv som er relevant for trinn 1-7. 

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

  • har innsikt i norskdidaktiske forskingsmetodar og arbeidsmåtar
  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
  • har brei kunnskap om språkdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike språkteoretiske perspektiv

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for at elevane får lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan tilpasse den vidare opplæringa i språklege og litterære ferdigheiter til elevane i norsk som første- og andrespråk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskfagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7

Forkunnskapskrav

Et av følgende alternativer:
GLU1120 Norsk 1 - emne 1 (1. - 7. trinn), GLU1220 Norsk 1 - emne 2 (1. - 7. trinn)
MGL1120 Norsk trinn 1-4, MGL1220 Norsk trinn 5-7
Norsk 1 må vere bestått, MGL1120 og MGL1220. Her er ikkje fritak for målform.

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
FOU-oppgåve 1/1 Bokstavkarakterar

FoU-oppgåve (8 000 til 10 000 ord). Oppgåva skal skrivast individuelt, eventuelt i par. Alternativ utforming (t.d. multimodal) skal avklarast med rettleiar. Målform: Valfri.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Prosjektskisse, Rettleiing av oppgåva, Obligatorisk tilstedeværelse
  • Innlevert prosjektskisse til FoU-oppgåve på grunnlag av godkjend tema/problemstilling (800 ord +/- 10 prosent + referansar).
  • Rettleiing på FoU-oppgåva, minimum 2x30 minutt
  • Det er 70% obligatorisk oppmøte.

Arbeidskrava må vere godkjende for at kandidaten skal ha rett til å gå opp til vurdering. Studentar som får éin eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, gis mogelegheit for éin ny innlevering av oppgåven(e) i omarbeidd form.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Sofija Christensen

Faglærar:

Eli Flatekval

Studiekoordinator:

Jørgen Jakobsson

Faglærar:

Åsmund Hennig

Arbeidsformar

Førelesingar den første tredjedelen av semesteret, deretter rettleidd skriving og seminar.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med det gjeldande kvalitetssystemet for UiS.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto