Hopp til hovedinnhold

Realfag 2 YMF110

Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande begrep i matematikk og fysikk for bruk i ingeniørfag. Kurset er retta mot studentar med yrkesfagleg bakgrunn, og vil, saman med Realfag 1 (YMF100_1), gi studentane det naudsynte grunnlaget for studiar i elektroteknikk på universitetsnivå.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

YMF110

Versjon

1

Vekting (SP)

10

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingsemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbytte
Kunnskap: Kunne dei tema som emnet inneheld. Ha eit nødvendig grunnlag for Matematiske metodar 1 og Fysikk. Gjennom semesteret opparbeida kunnskap som støttar opp om dei tekniske emna som går parallelt. Dugleik: Kunne strukturera, løysa, dokumentera og presentera oppgåver i matematikk og fysikk innan dei tema som emnet inneheld. Kunne tolka rekneresultat samt vurdera relevans og presisjon.Generell kompetanse: Sjå matematikk som eit nødvendig verktøy for å handtera teknisk-naturvitskaplege oppgåver. Sjå potensialet til Matlab som støtteverktøy. Sjå fysiske lovar som eit nødvendig grunnlag for å kunne modellera naturlege prosessar. Sjå koblingar mellom fysikken og matematikken i alle dei tema som emnet inneheld. Ha opparbeidd eit språk som gjer ein i stand til å kommunisera med andre om teknisk-naturvitskaplege problemstillingar.
Innhald
Vektorar. Vektorrekning. Skalarprodukt. Integralrekning. Integrasjonsmetodar. Trigonometriske funksjonar. Sannsynsrekning. Arbeidsmetodar i fysikk. Energi. Bevegelsesmengde. Meir om kraft og bevegelse.
Forkunnskapkrav
Ingen
Eksamen / vurdering
Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg prøve 1/1 4 Timar A - F Spesifiserte trykte og handskrivne hjelpemiddel tillaten. Bestemt, enkel kalkulator tillate

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Rekneøvingar
Obligatoriske arbeidskrav, dvs. rekneøvingar, skal vera godkjende av faglærar innan gitt frist.
Fagperson(er)
Emneansvarleg: Sven Ole Aase
Instituttleiar: Tom Ryen
Arbeidsformer
5 timar forelesing, 2 timar øvingsarbeid med rettleiing samt 1 time øvingsgjennomgang pr.veke.
Åpent for
Automatisering og elektronikkdesign, yrkesveg, bachelor i ingeniørfag
Emneevaluering
Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer.
Litteratur
Pensumlisten finner du i Leganto