Årelangt samarbeid styrkar seg

Pandemi etterfulgd av urolege tider i Nablus og på Vestbredden til trass; Erasmus+ -programmet for utveksling mellom UiS og An Najah National University held fram. Våren 2023 var ikkje noko unntak. Mottak av studentar til emnet 'drama og interkulturell kommunikasjon' står sentralt i det årelange samarbeidet mellom dei to universiteta. Nyleg fekk UiS tildelt nærare 158 000 Euro for å halda fram og styrke arbeidet i 2023-2025.

Published Sist oppdatert

gutter og jenter klemmer hverandre, en står i bakgrunnen og smiler
Glede og lette etter eksamensframsyninga! Khalid Hawah bak til venstre spelte ei sentral rolle i ein-aktaren der studentgruppa sjølv stod for alle delar av produksjonen. Mottak av studentar på 'Drama og interkulturell kommunikasjon' har vore navet i samarbeidet UH-fakultetet har hatt med An-Najah (ANNU) sidan 2006.

Studentane frå Nablus kom til Stavanger i januar og melde heim til familie og venner om at dei hadde kome til ein stad som både var kald og mørk. I løpet av halvåret dei har vore her har dagslystimane tredobla seg og temperaturen har stige. Vinden som blæs frisk frå nordvest sånn omtrent heile tida ifølgje dei tre har dei derimot ikkje blitt vane med.

Dei tre utvekslingsstudentane har vorte godt kjende med både distriktet og værforholda, og returnerer til Nablus med minner etteer opplevingar både i by og natur.

Og dramastudiet dei kom hit for å ta? Korleis har det gått?

Null dramaerfaring frå før

‒ Det har vore ei veldig ny og annleis oppleving, seier Khalid Hawah.
Han studerer engelsk litteratur heime i Palestina og fortel at han hadde null erfaring innanfor drama før han byrja på drama- og teaterkommunikasjon ved UiS. Og det var ikkje berre det å stå på ei scene som var nytt for han. Metodane i undervisninga har også vore noko heilt anna enn det Hawah er vane med frå Palestina.

ung mann i svart jakke smiler til kamera
‒ Eg visste ikkje at eg hadde det i meg å gå så djupt og grundig inn i tekstar som me har gjort på dette emnet, fortel Khalid Hawah.

Korleis har du opplevd det ulikt?
‒ Større fokus på praktisk tilnærming, og ein heilt annleis måte å undersøkja og gå inn i tekstar på. Me blir utfordra til å søkja meining i tekstane me jobbar med på ein annan måte, analysera og stilla spørsmål rundt det me les. Det har vore givande, men også utruleg krevjande, og for min del ein heilt ny måte å jobba på, fortel Hawah, som meiner at han aldri før har jobba så grundig og intenst med tekst og innhald i tekstar.

‒ Eg visste ikkje at eg hadde det i meg, eingong, seier Hawah.

Maymana Theeb nikkar gjenkjennande til det medstudenten beskriv rundt utfordringar og store skilnader på studiekvardagen heime i Nablus og her ved UiS. Ho hadde som Hawah heller inga erfaring med drama frå tidlegare, og har i tillegg overkomme eiga frykt for å stå på ei scene ved å ta emnet som krev nettopp det.


Har fått gode verktøy

‒ Eg har verkeleg lyst til å nytte erfaringane mine frå studieopphaldet i eiga undervisning når eg skal ut i arbeidslivet. Eg ser no kor viktig det er å faktisk tre inn i ei rolle som lærer og kjenner at eg fått nokre gode verktøy for å finna ei rolle eg kan gå inn i, seier Theeb.

Ahmed Dawoud trekkjer også fram den praktiske tilnærminga dei har hatt mykje av på emnet.
‒ Å få delt ut ei kjensle, til dømes, som ein skal undersøkja, gå inn og dramatisera. Ikkje nokon enkel oppgåve, men det har vore utruleg spennande å læra slike teknikkar, og sjølv få prøva seg på dei, heller enn å lesa om det, seier Dawoud.

Uformell tone

unge mann med svart jakke, bøttehatt på hodet og med briller på nesa
Ahmed Dawoud trekkjer fram teknikkar og praktisk tilnærming han har lært som noko han ønskjer å ta med seg og utnytte vidare.

I løpet av våren har dei vore i praksis i ungdomsskule, og kjent på likskapar og skilnader med tanke på skulekvardagen slik dei kjenner den frå Nablus og slik dei har opplevd han i Stavanger.
Berre bygningane, fasilitetane i seg sjølv, er veldig ulike frå slik skulebygningar er heime i Palestina. Forholdet og relasjonane mellom lærar og elev er også noko heilt anna enn dei tre er vane med.


‒ Det er ein veldig uformell tone mellom elevane og lærarane her, seier Dawoud.

Samarbeid innanfor alle lærarutdanningane

ung kvinne i hijab former et hjerte med hendene sine, smiler til kamera
‒ Eg har alltid ønskt å dra ut, oppleva verda. Berre det å reisa heimanfrå, bevega meg omkring utan bekymring for tryggleiken, bli kjent med ein ny stad, har vore ei utruleg oppleving eg verkeleg tilrår, fortel Maymana Theeb.

Samarbeidet mellom UiS og ANNU strekkjer seg tilbake til 2006. Erasmus+ -utvekslinga starta i 2015. Sidan den gong har studentar og tilsette reist frå begge kantar for å studera og få fagleg utveksling.

‒ Eg har alltid ønskt å dra ut, sjå verda. Berre det å reisa heimefrå, bevega meg omkring utan bekymring for tryggleiken, bli kjent med ein ny stad, har vore ei utruleg oppleving eg verkeleg tilrår, fortel Maymana Theeb.

Samarbeidet mellom dei to universiteta har styrkt seg med fleire avtalar og partnarskap innanfor alle lærarutdanningane ved fakultetet.
Mottak av studentar på Drama og teaterkommunikasjon har vore navet i samarbeidde

Intensjonen er at alle fakulteta ved UiS på sikt utvikler avtalar med Nablus. Universitetet søkjer årleg på midlar for å styrkja arbeidet rundt global mobilitet gjennom Erasmus+ og UiS fekk nyleg tildelt nærare 158 000 Euro for å halda fram og styrke arbeidet i 2023-2025.

Vennskapsbyar

Nablus og Stavanger deler også mange andre kulturelle utvekslingsavtalar og utviklingsprosjekt og har vore vennskapsbyar sidan 1996.

No er det fleire år sidan studentar eller tilsette ved UiS har reist til An-Najah National University i Nablus. Førre gongen var i 2019. Då var to barnehagelærarstudentar på eit fire vekers praksisopphald i ein barnehage. Sidan vart utveksling umogleg på grunn av pandemien. Deretter blussa uroa på Vestbreidda opp.

Det er planar om å senda studentar på både praksis og feltarbeid så fort tryggingssituasjonen tillèt det, men for tida avrår Utanriksdepartementet(UD) alle reiser til Nablus.

Tekst og foto: Kristin Vestrheim Cranner.