- Ekstremisme må førebyggast lokalt

Mange etterlyser nasjonale tiltak mot radikalisering av valdelege ekstremistar. Men forsking viser at det er lokal innsats og nære relasjonar som er mest effektivt.

Published Sist oppdatert

Anja Dalgaard Nielsen på talerstolen
Professor II Anja Dalgaard-Nielsen snakka om radikalisering på den 15. Samfunssikkerhetskonferansen.

Det kom fram under Samfunnssikkerhetskonferansen 2019, då ei rekkje ekspertar på temaet var samla på UiS.

Blant dei var Anja Dalgaard-Nielsen. Ho er professor II ved UiS, knytt til Beredskapsrådet for kunnskapssektoren og sjef for Institutt for strategi ved det danske Forsvarsakademi. Ho presenterte fleire danske studiar om kva som har vist seg å skape motstandskraft mot radikalisering. Det kan for eksempel dreie seg om å avverje at nokon blir terrorist eller framandkrigar.

Heim og familie

Dei tyder på at det er dei nære relasjonar som har størst påverknadskraft på personar som er i faresona. Eit av studia fann at desse faktorane var viktigast:
· heim

  • familie
  • religiøse fellesskap
  • nære venner
  • mentorar

Kom ut frå skranken

Skulen, arbeidslivet, lokalt politi, sosiale medium og ei rekkje andre arenaer spelte mindre rolle, viste studien.

– Det er ofte fokus på kva styresmaktene gjer, men dersom tilliten til styresmaktene manglar kjem dei ikkje i spel. Det er viktig at dei som jobbar mot slike miljø ikkje framstår som offentlege personar bak ein skranke. Dei må ut av kontora, skape tillit og ha kreativitet og mot, sa Dalgaard-Nielsen.

Ho er også kritisk til strenge straffar som verkemiddel. Dette vil kunne auke presset på dei personane i nære relasjonane som ønskjer å gripe inn.

– Tenk dykk dersom ein familiemedlem ønskjer å få hjelp frå det offentlege. Søker ein den hjelpa, dersom det inneber at den ein ønskjer å hjelpe, risikerer ein lang fengselsstraff?

Sårbare menneske

Benedicte Bjørnland, sjef for Politiets tryggingsteneste (PST) og påtroppande politidirektør la også fram kunnskap som kan hjelpe lokale krefter i arbeidet mot personar som kan vere i faresona for å bli radikalisert.

–Dette er ikkje hokus pokus. Dette dreiar seg om sårbare menneske. Driv ein aktivt, godt arbeid ute i kommunane kan vi fange opp desse personane før dei blir radikaliserte, sa Bjørnland.

Ho la fram resultatet frå to studiar som PST har gjort for å finne ut kva som kjenneteiknar personar som har blitt rekrutterte til radikale islamistmiljø eller høgreekstreme grupperingar i Noreg.

Slåande likskapar

Desse to grupperingane er ulike på fleire måtar, blant anna ved at islamistane stort sett kjem frå Oslo og omland, mens høyreekstreme stort sett ikkje er frå urbane strøk. Sistnemnde har også eit høgare alderssnitt.

Fellestrekka er derimot slåande: Begge grupper blir prega av menneske med lågt utdanningsnivå, store tilpassingsproblem og høy del kriminalitet - spesiell valdskriminalitet. Tilpassingsproblema kan vere rus, psykiske lidingar, tilvenningsproblem, tap av foreldre eller at dei har vore utsette for mobbing eller vald.

- Gode strukturar

Bjørnland understreka at det norske samfunnet er godt rusta til å fange opp personar som kan vere i faresona for å bli radikalisert. Det er mange etatar og institusjonar som har høve til å ta fatt i slike problem.

– Vi har gode strukturar og alle moglegheiter innanfor førebyggande arbeid. Eg håper at denne kunnskapen kan brukast av alle som jobbar lokalt, sa PST-direktøren.

Kva er ekstremisme?

Førsteamanuensis Lars Gule ved OsloMet - storbyuniversitetet var også blant foredragshaldarane. Han er kritisk til dei offisielle definisjonane av ekstremisme og radikalisering.

– Ekstremisme kan ikkje baserast på tilfeldige fleirtalsoppfatningar. På 1960-talet var det ekstremt å ha langt hår dersom ein var mann, sa Gule.

Han meiner også det er problematisk å sette valdsbruk som eit kriterium på ekstremisme. Det finst ekstremisme som ikkje er valdeleg, mens nokre typar vald i samfunnet faktisk er lovleg - for eksempel i Forsvaret og politiet. Gule meiner at blir for lite presis og ikkje sirklar inn fenomenet som skal hindrast.

«Ekstremisering»

I staden meiner han at ekstremisme bør definerast som «Ikke-statleg valdspotensial hos individ og grupper i demokratiske rettsstatar».

Gule meiner også at omgrepet «radikalisering» er for tett knytt til den politiske skalaen, og då spesiell venstresida. Han vil heller innføre omgrepet «ekstremisering», definert som ei rørsle mot og inn i ekstreme posisjonar, uavhengig av høgre- eller venstredreiing.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Mari Hult

(Artikkelen var første gong publisert i januar 2019)