Mobbing i barnehagen - kva veit me og kva kan me gjera?

Kva finst av kunnskap om mobbing i barnehagen og korleis blir fenomenet diskutert i den norske barnehagekonteksten? Forskarar har nå samla og analysert litteratur om mobbing i den norske barnehagen for å kartleggja slike og andre problemstillingar.

Published Sist oppdatert

Voksen trøster et barn i barnehage
Den norske barnehagelova slår fast at alle barnehagebarn skal ha rett til eit trygt og godt
psykososialt miljø. Slik er ikkje alltid røyndomen. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Mobbing i skulen får ofte merksemd, men mobbing går òg føre seg i barnehagen. Likevel er det ikkje brei semje mellom involverte grupper - som forskarar, utdannarar, praktikarar, foreldre og barn - om kva mobbing i barnehagen er. Heller ikkje alltid om kva som kvalifiserer til mobbing og korleis ein skal kategorisere ulike former for mobbing.

Resultata sprikar difor, blant anna i studiar om kor mange norske barnehagebarn som opplever mobbing – heilt frå seks prosent til 20 prosent.

Forskarar har difor samla og analysert litteratur om mobbing i den norske barnehagen, for å kartleggje kva som blir rekna som mobbing, omfanget av problemet, og kva for førebyggings- og handteringstiltak som blir omtalt i litteraturen.

Rapporten - «Mobbing i norske barnehager – en kunnskapsoversikt» - er laga av Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret), i samarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter for barnehager. Forskinga er gjort med støtte frå Partnerskap mot mobbing (PMM).

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har utarbeidd eit forskingsnotat av rapporten.