Kva veit me om mobbing i barnehagen?

Den norske barnehagelova fastset at alle barnehagebarn skal ha rett til eit trygt og godt psykososialt miljø. No har forskarar samla og analysert litteratur om mobbing i den norske barnehagen for å kartleggje kva som blir rekna som mobbing, omfanget av problemet, og kva for førebyggings- og handteringstiltak som blir omtalt i litteraturen.

Published Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Det er ulike resultat frå studiar på kor mange norske barnehagebarn som opplever mobbing – tala varierer frå seks prosent til 20 prosent.

Barn sitter alene i barnehage
Den norske barnehagelova fastset at alle barnehagebarn skal ha rett til eit trygt og godt psykososialt miljø.(Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Studien

Ei gruppe forskarar frå Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) og Nasjonalt kunnskapssenter for barnehagar har utført studien på oppdrag frå Private barnehagers landsforbund (PBL) med støtte frå Partnerskap mot mobbing (PMM). 

Bakgrunn

Forståinga av kva mobbing er, kva som kvalifiserer til mobbing og korleis ein skal kategorisere ulike former for mobbing varierer i og mellom involverte grupper, som forskarar, utdannarar, praktikarar, foreldre og barn. Difor får ein òg ulike resultat frå studiar på kor mange norske barnehagebarn som opplever mobbing – tala varierer frå 6% til 20%. Likeleis er det lite forskingsbasert og systematisk kunnskap som dokumenterer konsekvensar av mobbing i tidleg alder eller som dokumenterer korleis barnehagen kan førebyggje eller handtere mobbing i barnehagen på ein effektiv måte.  

Føremål

Forskargruppa gjennomførte eit systematisk søk etter relevant litteratur om mobbing i barnehagen for å få oversikt over mellom anna omgrepsbruk, teoriar og kjelder (scoping review). Informasjonen frå søket dannar grunnlaget for det som blir presentert her. Forskingsspørsmålet var (omsett frå bokmål): Kva finst av kunnskap om mobbing i barnehagen og korleis blir fenomenet diskutert i den norske barnehagekonteksten? 

Voksen trøster et barn i barnehage
Forskarar har samla og analysert litteratur om mobbing i den norske barnehagen. Dette for å kartleggje kva som blir rekna som mobbing, omfanget av problemet, og kva for førebyggings- og handteringstiltak som blir omtalt i litteraturen. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Inkluderte studiar

For å bli inkludert i kunnskapsoppsummeringa måtte dokumentet:  

  • handle om mobbing i norsk barnehage 
  • fokusere på barn i alderen 0–5 år og/eller barnehagepersonalet 
  • vere publisert på norsk eller engelsk 
  • vere publisert etter år 2000, sjølv om enkelte eldre relevante tekstar òg blei inkluderte  

Alle typar barnehagar, familiebarnehagar, offentlege og private barnehagar, blei inkluderte i oppsummeringa, som til slutt omfatta til saman 93 dokument. Dokumentsamlinga inkluderer mellom anna politiske tekstar og styringsdokument, vitskapeleg litteratur og praktisk pedagogisk litteratur og tek såleis føre seg grå litteratur2 i tillegg til vitskaplege publikasjonar.

Resultat

Informasjonen i dei 93 inkluderte dokumenta blei analysert tematisk i overeinskomst med det firdelte formålet med det : (1) forståing av fenomenet mobbing i barnehagen, (2) former for og omfang og konsekvensar av mobbing, (3) tiltak mot mobbing i barnehagen – førebygging og (4) tiltak mot mobbing i barnehagen – handsaming. Punkt (3) og (4) blir slått samen i denne oppsummeringa.  

Forståing av fenomenet mobbing i barnehagen

Omgrepet «mobbing» blei først tatt i bruk i skolesamanheng, og det er først dei siste tjue åra at omgrepet òg er brukt i samanheng med barnehagen. Overføringa av omgrepet frå skole- til barnehagesamanheng blir framleis diskutert og nokon eintydig forståing og bruk av omgrepet i barnehagekonteksten  er ennå ikkje oppnådd. Fleire informantar og forskarar gir uttrykk for at det kjennest framandgjerande å bruke mobbeomgrepet om barnehagebarn, og føretrekk å bruke til dømes «krenking», «plaging» eller «utestenging» om uønskt åtferd i barnehagen. Det er likevel brei semje om at mobbing førekjem i barnehagen som i skolen. Såleis trer eit utviklingstrekk fram: I løpet av dei siste tiåra har ordskiftet knytt til mobbing i barnehagen gått frå å debattere om ein kan snakke om mobbing i barnehagen til å debattere om det er nyttig å bruke mobbeomgrepet i ein barnehagekontekst. Mobbefenomenet er òg gått frå å bli forklart som eit problem hos individet (typisk det aggressive individet frå ein vanskelegstilt heim), til å bli forstått som ei uttrykk for problematiske eller uheldige sosiale prosesser (t.d. angst for sosial ekskludering). Diskusjonen kring mobbing beveger seg altså vekk frå mobbar- og offerrolla til det heilskaplege sosiale systemet. Barnehagetilsette forstår mobbing og mobbeomgrepet ulikt og uttrykkjer behov for meir kunnskap om temaet. Dei få studiane som tematiserer foreldre si forståing av fenomenet konkluderer i hovudsak med to ting: foreldre og barnehagetilsette er einige om at det er meiningsfullt å nytte omgrepet mobbing i barnehagekonteksten samt at foreldre har stor tillit til at dei barnehagetilsette handsamar mobbing på ein god måte. Forfattarane bak rapporten peiker på at det er få studiar som lar stemmene til barna kome fram.

Overføringa av mobbe-omgrepet frå skole- til barnehagesamanheng blir framleis diskutert og nokon eintydig forståing og bruk av omgrepet i barnehagekonteksten  er ennå ikkje oppnådd.

Mobbing: Former, omfang og konsekvensar  

Berre eit fåtal av dei inkluderte dokumenta fokuserer på ulike mobbeformer eller på omfang og konsekvensar av mobbing, og forskargruppa fann ingen kategorisering av mobbing som var gjengs akseptert. Forslaga til kategorisering av ulike former for mobbing kjem oftare til syne gjennom eksempel på negative handlingar enn gjennom formelle definisjonar. Forfattarane trekk likevel fram nokre overlappande vide kategoriar: mobbing som fysisk eller verbal prosess, openlys eller skjult mobbing, direkte eller indirekte mobbing gjennom relasjonelle prosesser (t.d. baksnakking). Tradisjonelle kriterium for å definere noko som mobbing i skolesamanheng, til dømes intensjon, gjentaking og skeiv maktfordeling blir sjeldan nemnt i dokumenta. Eit fåtal ser på ulikskapar i mobbing mellom kjønna.  

Forskjellane i forståing og bruk av eitt å same omgrep gjer at tala på barn som blir mobba i barnehagen varierer frå seks prosent til 20 prosent på tvers av dei 93 inkluderte dokumenta. Trass i denne variasjonen blir konklusjonen likevel at omfanget av mobbing i barnehagen er nokon lunde det same som omfanget i skolen. Den forskingsbaserte kunnskapen om konsekvensar av mobbing i tidleg alder er avgrensa, men det er klart at mobbing i svært ung alder kan ha alvorlege følgjer for den psykiske helsa.

Barn sitter alene i barnehage med ryggsekk, med ryggen til
Forskjellane i forståing og bruk av eitt å same omgrep gjer at tala på barn som blir mobba i barnehagen varierer frå seks prosent til 20 prosent på tvers av dei 93 inkluderte dokumenta i forskingsovsersikta. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Tiltak mot mobbing – førebygging og handtering 

Dei 93 dokumenta vektlegg førebygging og handtering av mobbing ulikt, men gir samla førebygging mest merksemd. Diskusjonen om førebygging fordeler seg over seks tematiske områder: (a) veremåtar og handlingar blant barnehagetilsette, (b) sosial kompetanse, (c) vennskap, fellesskap og leik, (d) foreldresamarbeid, (e) kompetanseutvikling i personalet og (f) nulltoleranse. Det blir trekt fram at det er viktig at (a) barnehagepersonalet er tydeleg til stades, er gode rollemodellar, har ein autoritativ oppdragarstil og ein anerkjennande veremåte. Dei relativt få dokumenta som ser på (b), peiker på utvikling av empati, sjølvsikkerheit og evne til problemløysing som det viktigaste i barnehagepersonalet sitt arbeid med å forhindre mobbing. I arbeidet med (c) vennskap, fellesskap og leik er det viktig å styrke statusen til barnet, styrke relasjonane mellom borna, bruke leikegrupper og fremje inkludering. Foreldresamarbeid (d) blir definert som barnehagen sitt ansvar, og gode relasjonar, god informasjon og etablering av møteplassar for samarbeid blir løfta fram som viktig i dette arbeidet. Når det gjeld (e) kompetanseheving i personalet, er det viktig at heile personalgruppa blir inkludert i kompehevingstiltak, prosjekt og refleksjon, samt at arbeidet er systematisk og skjer over tid med eit felles mål for auge. Auka kunnskap om og ei felles forståing av omgrep som «mobbing» og «krenking» bør òg inngå i kompetansehevingsarbeidet. Nulltoleranseomgrepet (f) blir mest berre nytta i styringsdokument og då for å understreke at personalet har plikt til å gripe inn straks uønskte handlingar skjer.

Det blir trekt fram at det er viktig at barnehagepersonalet er tydeleg til stades, er gode rollemodellar, har ein autoritativ oppdragarstil og ein anerkjennande veremåte.

Handsaming av mobbing i barnehagen blir i hovudsak nemnd i lovverk og lite i anna litteratur. Nokre måtar for å handtere fenomenet mobbing i barnehagen er rutinar, observasjonar, samtaler, trivselsundersøkingar og kartlegging av sårbare barn. Forfattarane peiker til slutt på at fleire av førebyggingstiltaka, til dømes å gripe inn når mobbing skjer, òg kan bli rekna som handtering. Det trer såleis fram ei forståing av at det er glidande overgangar mellom dei to dimensjonane.

Implikasjonar

avdekker eit behov for meir forsking som kan arbeide fram ei definisjon og ei forståing av omgrepet «mobbing» (i barnehagen), samt å trekke opp grensa mellom dette fenomenet og andre liknande fenomen. Ein meir presis terminologi vil mellom anna vere nyttig for politikkutforming, framtidig forsking og praksisfeltet. Slik forsking bør skje som eit samspel mellom vitskapen, praksisfeltet og utdanningsinstitusjonar for å sikre at modellar, teoriar og terminologi er presise og anvendelege på tvers av aktørar. 

referanse:

Aaseth, H. M. S., Elvethon, E., Løkken, I. M., Nilsen, T. R., & Moser, T. (2021). Mobbing i norske barnehager – en kunnskapsoversikt. Rapport utgitt av Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning, i samarbeid med Nasjonalt kunnskapssenter for barnehager, ISBN: 978-82-303-4936-6