Jazzstudentane frå Fakultet for utøvande kunstfag med konsert under Maijazz

OMEGA Collective er eit ensemble med 19 studentar frå jazzlinja på Fakultet for utøvande kunstfag, leia av komponist og trompetist, Ole Martin Rosvold Haugen. Studentane er vald ut til å gjennomføre konsert og plateinnspeling i samarbeid med CEMPE (Centre for Excellence in Music Performance Education).
Komposisjonane er ein miks av elementar frå fleire ulike sjangrar, og komponisten lar seg inspirere av blant anna Ibrahim Maalouf, Trondheim Jazzorkester og Marius Neset. Utforskande idear og leikenheit skaper eit unikt lydbilde for denne gjengen. Her blir det groove-baserte rigg, modale, svevande melodiar og komplekse, rytmiske figurar i blås. Her er alt lov!
Kjøp billett her. Studentpris er 50 kr, og ordinær billettpris er 100.
Fleire konsertar og framsyningar ved UiS
Bjergsted Brass Festival 2025: Avslutningskonsert
Søn. 21.09.2025
15:00-16:30
Konsert med fiolinstudenter
Tir. 30.09.2025
19:30-21:00
Konsert med Bjergsted blåseensemble og dirigentstudenter
Tor. 09.10.2025
19:30-21:00