Student i Stavanger på 17. mai? Tradisjonen tru går Universitetet i Stavanger i Folketoget saman med andre lag og foreiningar! Før toget kan du ete 17.-mai frukost på campus Ullandhaug, bli med på tradisjonell 17.mai-feiring med SiS eller slappe av på Folken.

Gå med UiS i Folketoget!
Studentar, tilsette og andre UiS-vennar er hjarteleg velkomne til å lage liv i toget med Universitetet i Stavanger. Universitetet går som nummer 57 og har oppstilling kl. 15.30 på Skagenkaien.
Studentar går med UiS-fana og flaggborg, og Stavanger studentsangforening og musikarar i Bjergsted linjeforening sørger for friske tonar. Så sleng deg med rektor Klaus Mohn og studentar og tilsette frå UiS.
17. mai-frukost, grilling og Eurovision-party på SiS studenthus
Studentorganisasjonen UiS Brettspill inviterer studentar til felles frukost-buffet i StOrstua lounge frå klokka 10. Etter 17. mai-feiring og tog i byen tenner dei opp grillane på SiS studenthus. Ta med mat og godt humør. Det er gratis å delta, men fint om du melder deg på via påmeldingsskjemaet.
Fra klokka 21 er auga og øyra retta mot Sveits og finalen i Eurovision Song Contest. Kven går av med sigeren, og kven får null poeng? Arrangementa er alkoholfrie.
Opent hus på Folken
Folken, studentanes kulturhus i Løkkeveien, opnar dørane kl. 13. Russetoget og Folketoget passerer rett utanfor, så her er det berre å slengje seg med bak UiS-fana i Folketoget!
Tradisjonell 17. mai-feiring med SiS
Klokka 14 byr Studentsamskipnaden i Stavanger (SIS) på mat og aktivitetar hos VID på Misjonsmarka. Arrangementet er gratis og opent for alle studentar i Stavanger. Les meir og meld deg på via MinSiS.