Korleis leva eit meiningsfylt og naturvennleg liv

Tirsdag 28. oktober 2025 kl. 11:15-12:15,
Universitetsbiblioteket, Campus Ullandhaug..

Foredrag med Dag Jørund Lønning

Publisert Sist oppdatert

Foredrag med Dag Jørund

Er det mogleg å leva rikare og meir spennande liv utan å forsterka klima- og naturkrisa? Dette er spørsmålet professor, rektor og forfattar Dag Jørund Lønning tek opp når han kjem til biblioteket denne tysdagen. 

For å koma oss ut av krisa meiner Lønning at løysinga ikkje ligg i økonomisk vekst og stadig høgare forbruk. I staden peikar han på nye vegar der både menneske og natur kan vinna. 

Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling, rektor ved Høgskulen for grøn utvikling, og ein engasjert forfattar. Han er no aktuell med bokserien Losebøkene, der han viser korleis vi kan skapa verdiar og byggja livskraftige lokalsamfunn utan å øydeleggja naturen. Han har òg skrive fleire bøker om jord, som har inspirert både hageentusiastar og bønder. 

Språk: norsk.

Dette arrangementet er eit samarbeid mellom universitetsbiblioteket og Grøn omstilling ved UiS.

Gratis og ope for alle. Inga påmelding.