Disputas: Folkerettsjuristane si rolle i norsk ekspansjonspolitikk

Ole Jone Eide disputerte ved Universitetet i Stavanger 29. april 2019. Han har undersøkt korleis Noreg sine framstøyt i Arktis i fyrste del av 1900-talet kan koplast til folkerettsjuristar som opererte i landskapet mellom fag og politikk.

Published Sist oppdatert

I perioden 1906-1933 blei det frå norsk side gjort framstøyt for å leggje Spitsbergen og deler av det austlege Grønland inn under norsk suverenitet. 

Omfattande kjeldearbeid  

Basert på eit omfattande kjeldearbeid i Utenriksdepartementet sitt arkiv i Riksarkivet, handskriftsamlinga i Nasjonalbiblioteket og andre arkiv, blant anna ei privat brevsamling som blei funne under arbeidet, viser Eide korleis desse framstøyta var avhengige av folkerettsjuristar i roller som forfattarar, rådgivarar og forhandlarar. 

Med avhandlinga «Noreg i Arktis 1906 – 1933. Folkerettsjuristane sitt fellesskap, faglege legitimitet og politiske handlekraft i spørsmåla om Svalbard, sjøgrensa og Øst-Grønland», hjelper Eide til ei utvida forståing av folkerettsjuristane si rolle i denne perioden, spesielt i Grønlandsaka. 

Grønlandsaka  

I Grønlandsaka knytte dessutan folkerettsjuristane norsk ekspansjonspolitikk til dei europeiske stormaktene si oppdeling av Afrika under Berlinkonferansen i 1884/85. 

Ole Jone Eide har også sett på rolla til Noreg i forhold til meir generell europeisk ekspansjonshistorie på folkerettsjuristane sitt område. 

Ole-Jone-Eide
Ole Jone Eide

Nyare historie  

Avhandlinga gir i tillegg eit historisk utgangspunkt for å undersøkje forholdet mellom folkerett og politikk i norsk ekspansjon ut i blant annan Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet fram mot i dag. 

Ole Jone Eide er frå Sandnes. Han har hovudfag i historie og arbeider som universitetslektor ved UIS 

Tekst: Elin Nyberg