Vibeke Jensen disputerer fredag 15. oktober for PhD-graden ved Universitetet i Stavanger med avhandlinga ”Studies in the medieval dialect materials of the West Riding of Yorkshire”. Ho er den første som disputerer ved doktorgradsprogrammet i lesevitskap.
Disputasen finn stad fredag 15. oktober 2010, kl. 12.00 i Hulda Garborgs hus, auditorium O-101. Prøveførelesinga finn stad kl. 10.00 på same stad. Både disputas og prøveførelesing er opne for alle interesserte.
Avhandlinga Studies in the medieval dialect materials of the West Riding of Yorkshire er ein djupnestudie av seinmellomalderdialekten (ca 1350–1450) i Yorkshire, England. Målet med avhandlinga er å avdekkje eventuelle samanhengar mellom språkleg variasjon og geografiske, kronologiske og sosiolingvistiske faktorar.
I arbeidet har Jensen fokusert på dei grammatiske komponentane ortografi (skrift), fonologi (lyd) og morfologi (form). Arbeidet er relevant for ei betre forståing av utviklinga av det engelske språket generelt, og for utviklinga av den regionale varianten i Yorkshire spesielt.
Internasjonalt prosjekt
Data for avhandlinga er innhenta frå handskrivne mellomaldermanuskript eller faksimilar av desse. Arbeidet er del av det større internasjonale prosjektet The Middle English Grammar Project.
Hovudrettleiar har vore professor Merja Stenroos ved UiS medan professor Jeremy J. Smith ved Universitetet i Glasgow har vore medrettleiar.
Bedømmingskomiteen består av professor Graham Caie, University of Glasgow, professor Toril Swan, Universitetet i Tromsø og professor Inge Særheim, Institutt for kultur- og språkvitskap, Universitetet i Stavanger (administrator).
Jensen er frå Syvde på Sunnmøre og er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.