Folkehøgskulelærarane og kampen for norsk sjølvstende

Morten Øveraas disputerte for doktorgraden i lesevitskap 29. november. Han har sett på korleis folkehøgskulane bidrog til å folkeleggjere kristeleg nasjonalisme.

Published Sist oppdatert

Morten Øveraas. Foto: Johnny Bratseth

Øveraas rettar søkelys på den intellektuelle verksemda til fleire einskildaktørar og sosiale krinsar over eit langt tidsrom. Primærkjeldene hans har i hovudsak vore aviser, tidsskrift, pamflettar og bøker skrive av aktørane som har blitt granska. Teoretisk fokuserer han på teoriar vedrørande nasjonsbygging og nasjonalisme.

Innblikk i einskildmenneske sine tankar

Metodisk har han tolka ytringar som sosiale handlingar med intensjon om å gjere noko innanfor konkrete kontekstar. Såleis gir avhandlinga «Teokratiets folkelærarar. Folkehøgskular og kristeleg nasjonalisme i Noreg ca. 1814-1905» eit innblikk i korleis ei lang rekkje menneske i denne perioden skreiv og argumenterte i offentlegheita.

Søkelyset er retta på desse offentlege aktørane sine oppfatningar og førestellingar om tilhøvet mellom kristendom og nasjonalt sjølvstende. Øveraas syner og forklarer korleis personar i ein historisk kontekst tenkte og arbeidde for å forandre og påverke samfunnet dei var ein del av.

Tidlegare forsking

Tidlegare forsking om folkehøgskular har meint at folkehøgskulane i Noreg var eit framhald av ein eldre tradisjon, men at dei bidrog til å gjere denne tradisjonen meir liberal, demokratisk og radikal. Øveraas både vidarefører og utfordrar denne modellen.

Han syner at folkehøgskular bør sjåast som institusjonelle prisme for kristeleg nasjonalisme i Noreg. Folkehøgskulane bidrog til å folkeleggjere kristeleg nasjonalisme. Dette perspektivet vart brukt til å refse og korrigere aktørar og perspektiv, som kristelege nasjonalistar meinte hadde utilstrekkelege forståingar av nasjonale idear og/eller kristendommen.

Sjøvstende tufta på gudstru

Den kristelege nasjonalismen var fundert på overtydingar om at eit folks nasjonale sjølvstende måtte tuftast på kristeleg gudstru. Premisset var teokratisk; menneske og folk måtte innordne seg etter Guds vilje og lov. Overtydingane og argumentasjonane var bygde på liberal og konservativ etikk: Skulle folket realisere sine ibuande krefter, og/eller måtte det omvende seg og håpe på Guds nåde? Dei kristelege nasjonalistane freista å opplyse folket om desse overtydingane, og dei vart dermed teokratiets folkelærarar i Noreg.

Morten Øveraas sine funn utdjuper forståinga av ei formativ periode av norsk og skandinavisk historie, og tilhøvet mellom religion og politikk, kristendom og nasjonalisme, liberalisme og konservatisme.

Morten Øveraas er 30 år gamal og kjem frå Øverås i Romsdal og har tidlegare studert sosiologi og statsvitskap ved NTNU i Trondheim og ved Universitetet i Oslo. Han arbeider som konservator og forskar ved Romsdalsmuseet.