Fordelar og ulempar med digital vurdering

Eit nytt forskingsnotat presenterer ein studie som ser på moglege fordelar og ulemper for eleven og læraren ved å bruke digitale verktøy i større vurderingar.

Published Sist oppdatert

Mann sitter foran en pc

Mens det blir forska mye på bruk av digitale verktøy som undervisings- og læringsverktøy, har det blitt forska mindre på kva slags effekt bruk av desse verktøya i vurderingssamanhengar kan ha på elevane sitt læringsutbytte.

Eit nytt forskingsnotat, utarbeidd av Kunnskapssenter for utdanning, ser nærare på denne problemstillinga. Forskingsnotatet er basert på ei systematisk kunnskapsoppsummering som inkluderer 34 studiar, publisert mellom 2000 og 2019.

Studien indikerer at der er fordelar med å gå over til digital vurdering, men at fordelane ikkje kjem utan vidare, og at problematiske tilhøve kan oppstå.

«Å gå frå analoge til digitale vurderingar vil krevje at det den tekniske infrastrukturen er til å stole på, at lærarar og elevar får den opplæringa og støtta dei treng for å kunne forstå og bruke programvara, og at både elev og lærar føler dei kan stole på vurderinga programvara gjer,» heiter det blant anna i konklusjonen.